30.12.2009
Terminliste 2009-10
Gjer oppmerksam på at det er ein del endringar av påmeldingasdatoar i
forhold til det som står på vår terminliste 2009-10.
Påmeldingsfristen til Astridbekken er 29.12.09.
Send epost til arrangøren dersom døkk er for seine. Epostadr. står under
informasjon om kvart renn.
Beklager dette, men ser at det er gjort ein del endingar i det siste.
28.12.2009
NB! Det blir heller ikkje innetrening i Bygdahuset i dag da huset er
opptatt.
Organisert skitrening på fjellet i dag er avlyst på grunn av kulde.
26.12.2009
Alt om Gåsburennet 27. desember
her »
22.12.2009
Skitrening for eldste gruppe måndag 28.12.2009
Det blir skitrening for dei eldste på Kvamsfjellet måndag 28.12.
Felles avreise frå Bygdahuset kl. 12.00.
Stilart: Klassisk.
Det blir styrketrening i Bygdahuset etter skituren på fjellet.
21.12.2009
Skitrening i dag mandag 21. desember kl. 18.00
Skitrening for yngste gruppe AVLYST pga av kulde.
Eldste gruppe startar treninga med ca 1/2-times joggetur, dersom det
ikke er alt for kaldt.
Inntrening etterpå med styrketrening, ballspel og stafettar.
Vi satsar og på trening for dei eldste i jula, i utgangspunktet måndag 28.
desember.
Endeleg opplegg med dag og tidspunkt blir diskutert i kveld.
Skigruppa ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt skiår!
Vel møtt til trening att for både små og store måndag 4.januar kl. 18.00.
18.12.2009
Alt om KM sprint og stafett 19. - 20. desember
her
»
13.12.2009
Trening måndag 14.12.2009
Yngste gruppe tek med ski. Trening i Idrettsparken frå kl 18.00

Skitrening for dei eldste på Heidalsskogen måndag 14. desember - klassisk
Felles avreise frå Bygdahuset kl. 18.00.
Ta kontakt med Frank eller Torunn dersom det er spørsmål.
Ingen innetrening.
12.12.2009
God innsats av Ola Esten i dagens Sparcup på Sjusjøen 10 km klassisk
Ola gjekk inn til ein fin 21.plass av 46 startande i si klasse, med
deltakarar frå heile landet.
Resultatliste
her »
01.12.2009
Det blir dugnad i lysløypa laurdag 5. desember frå kl. 10.00.
Ta med hekksaks dersom de har.
Møt opp!

Skitrening eldste gruppe kvar måndag fram til jul.
Avreise frå bygdahuset 17.30 til Kvamsfjellet for å gå på ski -
skøyting.
Styrketrening i bygdahuset etterpå, frå ca 19.30, med unntak av 14.
des., da er bygdahuset opptatt.
Ta kontakt med Frank tlf 922 35 260 eller Torunn tlf 99 64 26 54, dersom
det er spørsmål.
28.11.2009
4. plass til Ola Esten på BUL-sprinten!!
Vi gratulerer Ola med ein knallstart på sesongen!
Sjå alle resultata frå BUL-sprinten
her
»

Dombåsrennet

Det vart ein fin opning av skisesongen for Sander og
Torstein på Dombås i dag.
Resultatlister finn du
her »
27.11.2009
Ola Esten Røssum deltar på BUL-sprinten!
Nå deltar våre skiløpere på de store skirennene.
Ola Esten Røssum stiller til start i 17-årsklassen under lørdagens
BUL-sprint på Gålå.
Vi oppfordrer kvamværene til å heie fram Ola. Han går med startnummer 252,
og starter kl 11.02.
Lykke til!
Alt om BUL-sprinten
her
»
26.11.2009
Startlister Dombås-rennet
Klikk
her »
24.11.2009
Nytt påmeldingssysten ski
Norges skiforbund har innført nytt påmeldingssystem foran årets sesong.
Innføring i hvordan dette gjøres:
Klikk
her »
22.11.2009
KM sprint og stafett Lygna 19. – 20. desember 2009.
KM i sprint individuelt fristil lørdag 19.desember inngår også i Spar
Cup for 15. og 16. åringer.
KM i stafett søndag 20.desember – 3 løpere pr. lag med max alder 45 år.
Det må være reint klubblag for at laget skal kunne konkurrere om KM tittel,
men det er lov å stille blanda lag – Fron ski - utenfor konkurranse.
Hadde vore kjempeartig om Kvam kunne stille lag på stafetten og konkurrere
om KM tittel - vi har muligheten!!
Dersom det er mange som skal gå både lørdag og søndag kan Fron ski bestille
overnatting.
Si fra til Torunn senest søndag 29.november dersom dere har lyst til å gå
stafett og om dere evt. ønsker overnatting.

Sesongens første skirenn Dombåsrennet lørdag 28. november.
Påmelding senest mandag 23.november,
her »

Utdrag av terminliste langrenn
sesongen 2009/10
Alle må ordne med påmelding sjølve, er det spørsmål ta kontakt med
Torunn.
Skigruppa ønskjer alle lykke til med årets sesong!
Klikk
her »
21.11.2009
Vi har nå fått inn prøvekolleksjon av Trimtex overtrekksdresser, som
brukes av våre skiløpere.
Dressene kan prøves i klubbhuset.
Frist for prøving og bestilling settes til tirsdag 1. desember.
Felles bestilling sendes etter endt prøveperiode.
16.11.2009
Fron ski hadde ei vellykka samling på Rønnsetra

25 løparar, 2 trenarar og mange vaksne hadde eit
suverent opphald på Rønnsetra.
Det vart gjennomført 2 økter laurdag og to søndag i vekslande vær og
føreforhold.
Samlinga starta laurdag med skøyting og fokus på teknikk, andre økt var
det klassisk intervall som sto på programmet.
Olaf Giverhaug stilte opp og gjorde filmopptak på båe øktene, som vart
gjennomgått om kvelden.
P.g.a. varmegrader og regn søndag, vart det to økter med skøyting.
Fyrst langtur med innlagt teknikk, før så samlinga vart avslutta med
testløp i stri regn.
Alle gjennomførte imponerande bra og utan sure miner - dette er berre
for tøffingar!!
Løparar og trenarar var alle særs godt nøgde med gjennomføringa og
innsatsen.
Godt miljø, nyttige tips frå gode trenarar og trivelege omgivelsar
gjorde dette til ei særs vellykka samling.

Hjerteleg takk til Solveig og Pål Egil med familie som
stiller den fine setra si til disposisjon for Fron ski.
Vi kan ikkje finare ha det!
Takk til Jo og Åge for fint opplegg og god gjennomføring, og takk til
Olaf for filming og utlån av utstyr for framsyning.
Takk og til Ole Kristian som alltid ordnar med nok mat og drikke til oss
– utan mat & drikker dug ikkje eingong heltane i Fron ski.
Og til slutt takk til alle dei trivelege ungdommane for god innsats og
fin innstilling.

Skitreningen for den yngste gruppa er avlyst i kveld pga dårlig føre.
06.11.2009
Påmeldingen
til vinterens Furusjøen Rundt er nå åpnet.
Vi håper på minst like mange deltakere som sist vinter.
Påmelding
her »
04.11.2009
Handledag G-sport Ringebu
Lørdag 7. november er det handledag på G-Sport Ringebu.
30% rabatt på ski, skisko, staver og bindinger, 20% på andre varer.
Handledagen foregår i butikklokalene i Ringebu.
G-Sport Ringebu har også besøk av Lars Svensson, som er godt kjent i
skimiljøet.
Han er meget dyktig på struktur og sliping av ski.
Hans har nå ny slipemaskinen på plass i butikken.

Kretssamling 15-16 år, 27.-29. nov
27. - 29. nov inviterer Oppland Skikrets alle 15. og 16.-åringer til
samling på Natrustilen.
Påmelding senest 6.november,
se program og påmelding
her »

Påmelding til Holmenkollen 2010
Klikk her »
14.10.2009
Miljøsamling Fagerhøi 5. - 6. desember 2009
Samling uten aldersgrense for hele familien, kr.300,- pr. pers.
Det blir lagt opp til skileik og moro for de yngste og mer langrennspreget
aktivitet for ulike aldersgrupper oppover.
Ta med sengeklede og hankle.
Mimimum 40 stk. for at samlingen blir arrangert.
Påmeldingsfrist: Helst så fort som mulig, men siste frist er 25. oktober.
Program for samlinga blir lagt ut senere på
http://www.sorfronski.no/
11.10.2009
Ungdommens Holmenkollrenn for 13 og 14 åringer (løpere født -96 og -97), 20.
- 21. februar 2010.
Alle som ønsker overnatting på Holmenkollen Park Hotel tar kontakt med
Fron ski sin kontaktperson for rennet, innen 25.oktober.
Ole Kristian Rudland tlf. 90 94 96 98 eller epost:
ok@rudland.no

Hugs skitrening i Kvam kvar måndag kl. 18.00
Eldste gruppe tek med skistavar.
28.09.2009
Skitrening i Kvam hausten 2009
-
kvar måndag
-
3 treningsgrupper
-
frå 5. oktober.
Les meir
her »

Hånåhoppet Bakkeløp
Sterke resultat av Ola, Lars Eivind og Olav.
Det er i motbakke det går oppover med desse gutta.....,
Sjå resultata
her
»
19.09.2009
X-trem Spræk 2009, 10. - 11. oktober
Da er det klart for årets X-trem Spræk. I år som i fjor er stedet
Jørstadmoen.
Kick off-samling for alle aktive 13-16 åringer - 60 plasser, så her er det
første man til mølla...
Påmeldingsfrist er 25. september 2009, men husk det er første mann
til mølla.
I fjor var det fullt på 3 dager, så vær rask.
Påmelding til
barbro.killingstad@skiforbundet.no ,
med navn, alder, klubb, mobilnr.og e-post
Program
her »
10.09.2009
Møte i Klubbhuset Kvam søndag 13.09.09 kl. 19.30.
Tema:
Skitrening i Kvam haust / vinter 2009/10.
Kva for tankar har døkk for korleis den skal foregå og kva kan kvar
enkelt bidra med?
Alle som ønskjer å vere på på skitrening eller har ei meining om korleis
dette skal gjerast, er velkomne.
10.08.2009
Dagsamling med Egil Kristiansen laurdag 15.08.09
Program her
»
03.08.2009
Gålå Idrettsanlegg arrangerer Peer Gynt Triatlon på Gålå Skiarena lørdag 8.
august kl. 13.00.
For mer informasjon om klasser og påmelding, klikk
her »
07.07.2009
Stor deltaking og gode resultat på årets Hillingløp 7. juli.

Heile 29 deltakar stilte til start med tidtaking i årets
Hillingløp.
3 stilte utan tidtaking og 9 stk gjekk frå Solshaugen, totalt 42 stk.
Dette er ny deltakar rekord.
Det vart favoritt sigrar i både dame og herre klassa.
18 år gamle Anna B. Giverhaug tok sigeren i dameklassa i år som i fjor,
på tida 28.46.
Ho betra tida si med heile 5.16!!
Ola Esten Røssum, 16 år, vart vinnar i herreklassa på 27.44.
Ola deltok ikkje i fjor, men tida er berre eit snautt minutt bak
fjorårsvinnar Jan Petter Eide.
Store prestasjonar av både vinnarane, men og av alle dei andre som
stilte til start.
Det er mange imponerande tidar og spesielt av dei unge skiløparane og
fotballspelarane som deltok.
Dei vaksne har lite å stile opp med mot desse veltrena ungdommane.
Kvelden var avslutta i klubbhuset med grilling og sosialt samvær.
Takk til alle frammøtte for ein triveleg kveld.
Resultatliste her
»
07.05.2009
Kvam IL har inne prøver på overtrekksdress for langrenn som kan
bestilles.
Dressene må returneres førstkommende mandag så ta kontakt om du ønsker å
prøve/bestille.

Søppelplukking og rydding
Kvam IL ved skigruppa har også i år tatt på seg søppelplukking langs
kommunale veger og areal i Kvam sentrum på forespørsel fra Kvam vel.
Oppmøte i Kvam Idrettspark onsdag 13. mai kl 18.00.
Vi håper mange ønsker å delta.
28.04.2009

Søndag var det premieutdeling og avslutning for årets
karusellrenn.
Sjå bildekarusell
her »
15.04.2009
Overtrekksdresser - ski
Vi tar nå opp nye bestillinger på vår fine overtrekksdress for ski.
Vi har fått tilsendt vareprøver av de ulike størrelsene.
Du kan derfor komme innom klubbhuset for prøving og bestilling innen 5. mai.
02.04.2009
Årets tur til Høvringen er dessverre avlyst pga få påmeldte.
01.04.2009
STEIL arrangerer sitt tradisjonelle påskeskirenn skjærtorsdag
9.april.
Invitasjon her
»
31.03.2009
Sluttstilling GD-cup finn de
her
»
Sluttstilling Spar Cup finn de
her »
30.03.2009
Omtale frå Birken og Trabelirennet finn de
her
»

Resultatliste frå GILrennet - siste
renn i Spar Cup - finn de
her »
25.03.2009
Årets Høvringentur søndag 5. april
Påmelding seinast 1. april
til Lisa tlf. 97543777 eller Torunn tlf. 99642654.
Pris pr. pers. kr. 120,00/kr. 60,00 for barn under 12 år.
Meir informasjon
her
»
Vel møtt!
23.03.2009
Skitrening yngste gruppe er avslutta
Mette, Irene, Lisa og Torunn takkar for frammøte
og ønskjer døkk vel møtt igjen til hausten.
22.03.2009
Resultat frå Trabelirennet
her »
21.03.2009
Astridbekkstafetten 28.03.09
Det har vore artig om Kvam kunne stilt lag på årets Astridbekkstafett.
Meir informasjon
her »
Påmelding seinast onsdag 25. mars.
Alle som er interessert må si frå til Torunn seinast tysdag 24. mars.
Det er fint om dykk som er interessert kan prate litt saman og bli enige
om lagsamansetningar.

GIL-rennet 29. mars - avslutningsrenn Spar Cup -
pursuit
Meir informasjon og start- og resultatlister
her
»
Hugs dobbeltpoeng for alle plasseringar på avslutningsrennet.
Påmelding seinast 24.03.09
her »

Kvam IL gratulerer Ola Esten Røssum med å ha klart
Birkebeinermerket i dag. Det viser at sist helgs seier i Furusjøen Rundt
ikke var en tilfeldighet.
Vi gratulerer også alle andre medlemmer som fullførte Birken med bravur.
For mer informasjon, klikk
her
»
20.03.2009
Trabelirennet 2009 søndag 22. mars 2009
NB! Start kl. 11.00
Start- og resultatlister og anna informasjon på Ringebu-Fåvang
skiklubb sine sider her
»
17.03.2009
UngdomsBirken og Birkebeinerrennet laurdag 21. mars
Årets Birkebeinerrenn på ski står for døra og det er med glede vi
registrerar at heile 14 medlemmar av Kvam IL står på startlista,
(med forbehald om at nokon kan vere oversett).
Av desse skal 8 stk. gå UngdomsBirken på 15 km og 6 stk.
Birkebeinerrennet på 54 km.
Det er mogleg og følgje løparane undervegs, sjå
her »
Opplegg UngdomBirken
her »
God tur og lykke til alle saman!
16.03.2008
Skitreninga blir i kveld flytt til Rondablikk Fjellsenter.
Avreise kl 18.00 frå Kvam idrettspark.
Valfri stilart, roleg trening frå 13 år og oppover.
Intervalltrening for 11-12 år.
15.03.2009
Skitrening måndag 16. mars
Lett trening i klassisk stil for båe grupper i lysløypa kl. 18.00.
Oppmøte klubbhuset.
Etter treninga blir det eit stutt møte for eldste gruppe og foreldre på
klubbhuset.

 |
 |
| |
Fra starten |
I alt 124 deltagere stilte til start i årets renn. I strålende sol og i godt
preparerte løyper, tipper vi alle hadde en flott tur rundt sjøen. Dagens
raskeste mannlige deltager ble Eirik Dimmen Sæle, Lillehammer Skiklubb, på
tida 55:51. Hanne Trønnes, Ottadalen SK, ble raskeste kvinne på tida
1:05:42. For flere resultater, se resultatlista.
Resultatlister
her »
Bildekarusell fra rennet
her »
14.03.2009
God innsats av Endre, Espen og Sander på Lalmsprinten
|
 |
|
Fine representantar for Kvam
idrettslag
Frå venstre: Endre Sanden, Sander Tunheim Røssummoen og Espen
Sanden |
Resultat
her »

Trabelirennet søndag 22. mars - årets siste renn i GD-cupen.
Fristil med fellesstart J/G 8-12 år.
Pursuit J/G 13 år og oppover.
Dei eldste klassane startar fyrst på dette rennet.
Dobbeltpoeng for alle plasseringar på avslutningsrennet gjer det ekstra
spennande.
Start- og resultatlister og anna informasjon finn døkk på Ringebu-Fåvang
skiklubb sine sider:
Klikk her
»
Påmelding seinast 17.03.09
her »
12.03.2009
Så er det endelig klart for Furusjøen Rundt.
Det er hele 14 år siden sist vi arrangerte rennet og vi var spente på
hvilken oppslutning rennet ville få når vi bestemte oss for å dra det i
gang igjen.
Da påmeldingsfristen gikk ut i går kveld var det hele 101 påmeldte i de
aktive klassen og 12 i mosjonsklassen.
Det blir derfor et yrende liv i startområdet på Rondablikk Fjellsenter
rett før startskuddet går kl 12 søndag.
Vi oppfordrer alle til å ta turen innpå Kvamsfjellet og støtte opp de
som tar runda rundt sjøen!
Startlisten finner du
her »
11.03.2009
Resultat i GD-cupen etter 5 renn
Klikk
her »
Resultat i Spar Cup etter 5 renn:
Klikk
her »
På avslutningsrenna vil det bli gitt dobbeltpoeng til alle deltakere.
Dvs at vinneren da får 40 poeng, nr 2 får 32 poeng osv.
10.03.2009
Lalmssprinten på Heidalsskogen 14. mars, fristil
Påmelding
her »
09.03.2009
47 deltok på kveldens karusellrenn

Resultat
her »
08.03.2009
Resultat frå Rudsbygdrennet finn de
her »
07.03.2009
Heidalsskogrennet.
|
 |
|
Sander i fin stil ute i
løypa |
Kvam IL stilte med 8 løparar på Heidalsskogrennet i dag.
Rennet gjekk i klassisk stil under gode forhold på det ”nye” skianlegget
på Heidalsskogen. For klassene 11-14 år teller resultata frå dette
rennet i GD-cupen.
Kvam har fleire gode langrennsløparar mellom dei aller yngste:
Ingrid Rudi Teige gjekk i klasse J8 og fekk på sin 1-kilometer
den gode tida 7:19.
Sigurd Rudland gjekk i klasse G8 og gjekk sin kilometer på tida
5:48. Desse klassene er ikkje rangerte etter tid resultatmessig, men
både Ingrid og Sigurd kan vera svært godt tilfredse med dei tidene dei
fekk. Båe to går godt på ski, og vi håper og trur vi får sjå mykje til
desse to i langrenns-løypa i åra som kjem.
Den beste plasseringa av våre løparar fekk Hans Kristian Rudland.
Hans Kristian gjekk inn til ein svært sterk 3. plass i klassa G12. Hans
Kristian fekk tida 5:57 på sin 2-kilometer. Dette ga mange poeng i
GD-cupen, og Hans Kristian er nå med og kjempar om ei topp-plassering
samanlagt! Det er nå att eitt renn i GD-cupen for i år, det siste går i
Trabelia søndag 22. mars.
I G12 gjekk også Torstein Hagen eit godt løp. Han fekk tida 6:42,
og det heldt til ein 19. plass. Espen Sanden gjekk også godt, og
kom inn berre tre sekund bak Torstein. Tida 6:45 ga Espen ein god 20.
plass på resultat-lista. Også Torstein og Espen ligg godt til i
samandraget i GD-cupen.
Også i jente-klassa for 12-åringar har Kvam ein god skiløpar. Martine
Rudi Teige, i klasse J12, gjekk i dag eit nytt godt løp, og kom inn
på tida 7:18 på sin 2-kilometer. Det ga ein 12. plass på resultatlista i
den jevne klassa. Martine låg før dagens renn på ein svært sterk 6.
plass i GD-cupen. Ho tapte ikkje mange plassar etter rennet i dag, og
med eit godt løp i Trabelia om 14 dagar vil Martine få ei svært god
samanlagt-plassering i årets GD-cup.
Sander Tunheim Røssummoen går i klasse G11. Sander viser stadig
stor framgang i langrenns-sporet. I dag gjekk han eit svært godt løp og
kom inn på tida 8:18 på sin 2-kilometer. Det ga ein fin 28. plass på
resultatlista.
Halvor Røssum gjekk også eit godt løp i klasse G14. Han fullførte
sin 3-kilometer på tida 9:23, og det ga ein sterk 7. plass i klassa.
Dette var Halvor sitt beste løp denne sesongen og det viser at dei gode
resultata Halvor har hatt den siste tida ikkje har vore tilfeldige.
|
 |
|
Hans Kristian gjekk eit svært godt renn og plukka viktige GD-cup
poeng.
Foto: GD |
Resultat frå Heidalsskogrennet finn de
her »
06.03.2009
Heidalsskogrennet 7. mars GD-cup klassisk
5. rennet i årets GD-cup.
Startliste og anna informasjon
her »

Rudsbygdrennet 8. mars Spar Cup klassisk
5. rennet i årets Spar Cup for 15- og 16-åringar.
Startliste og anna informasjon
her »
Status Spar Cup etter 4 renn
her »
03.03.2009
Karusellrenn søndag 8. mars er fløtt til lysløypa måndag 9. mars
kl. 18.00.
Stilart er fristil.
02.03.2009
Det var 46 som deltok på karusellrennet i kveld.
Resultatliste
her »
01.03.2009
Mari og Ola på Lillehammer
|
 |
 |
|
Mari Vassdokken Sigstad |
Ola Esten Røssum |
Mari Vassdokken Sigstad og Ola Esten Røssum har
representert Kvam IL i Hovedlandsrennet i langrenn på Lillehammer i går
og i dag. Lars Eivind Jensvoll var også påmeldt, men han vart dessverre
sjuk, og kunne ikkje delta i det uoffisielle norgesmesterskapet for 15-
og 16-åringar.
Ola Esten går i G16, medan Mari går i J15.
Fredag var det klassisk sprint som stod på rennprogrammet.
I Mari si klasse, stilte heile 142 jenter til start. Mari gjekk ein god
prolog og fekk tida 3:16,20 i den 800 meter lange løypa. Det heldt til
ein god 95. plass. Det er ikkje så langt fram til dei aller beste for
Mari. Hadde ho gått 15 sekund fortare hadde ho vore i kvart-finala. Med
tanke på at Mari har vore skada sidan september og ikkje har fått trent
for fullt i heile vinter, så viser dette resultatet at Mari har
kapasitet til å hevde seg godt mellom dei beste 15-åringane i Norge.
Ola Esten gjekk sin prolog på tida 2:39,64. Det ga plass nr. 100 på
resultatlista. Fram til finaleplass var det berre ca. 8 sekund. Med 255
deltakarar i klassa har også Ola Esten god grunn til å vera tilfreds med
si plassering og sitt løp.
Laurdag var det fristil i dei same løypene som vart brukt under dei
olympiske leikane i 1994, og det var svært harde løyper som løparane
skulle gjennom.
Mari gjekk igjen eit godt løp, og kom inn på tida 17:43,4 på sin
5-kilometer. Det heldt til ein god 98. plass mellom dei 139 jentene som
stilte til start.
Ola Esten gjekk sine 7,5 kilometer på tida 20:14,8. Det ga plass nr. 137
i klassa, der heile 263 gutar stilte til start.
Både Ola Esten og Mari har desse to dagane vist at dei hevdar seg godt
på nasjonalt nivå i ein svært krevjande idrett. Dette bør inspirere både
Mari, Ola Esten og alle andre unge langrennsløparar frå Kvam til vidare
satsing.
27.02.2009
Hovedlandsrennet for 15- og 16-åringar på Lillehammer
27. februar - 1. mars.
Dette er årets høgdepunkt for 15- og 16-åringane og Kvam har i år
tre deltakarar på startstreken:
J15 Mari V. Sigstad
G15 Lars Eivind Jensvoll
G16 Ola Esten Røssum
Rennprogrammet ser slik ut:
Fredag 27. februar - sprint klassisk med prolog. Langrennscross for dei
som ikkje går vidare frå prologen.
Dei 30 beste i kvar klasse går vidare frå prologen.
Laurdag 28. februar - 5 og 7,5 km fristil individuell start.
Søndag 1. mars - stafett.
Vi ser fram til artige dagar med gode prestasjonar på Lillehammer og
ønskjer alle løparane lykke til!
Følg med på skisida - omtale kjem etterkvart.
All informasjon om Hovedlandsrennet
her »
25.02.2009
Heidalsskogrennet 7. mars GD-cup klassisk
påmelding seinast 04.03.09
her »