|
27.12.2008
Resultat frå Romjulsrennet GD-cup på Heidalsskogen.
Klikk
her »
22.12.2008
Søndag 4. januar arrangerer Svea Skilag KM-stafett
Det hadde vore artig om Kvam kunne stilt med 1 eller fleire lag.
Det er 3 løparar pr. lag, 2 klassiske og ei fristil etappe.
Både G11-12 og G13-16 har nok aktive løparar til å stille lag, dersom alle
vil gå.
Det er og mogleg med mix lag.
Si frå til Torunn i god tid, dersom du vil gå.
Påmelding seinast 30. desember.

Nyttårsrenn SC-cup på Beitostølen 3.januar - fri stil.
Dette er sesongens fyrste renn i Spar cup for 15 og 16 åringar.
Påmelding seinast 01.01.09
her »
15.12.2008
Romjulsrenn GD-cup på Heidalsskogen 27.desember
Fellesstart klassisk for alle, deretter jaktstart klassisk på grunnlag av
fellesstarten f.o.m. J/G 11år og oppover.
Kun fellesstart for 8-10 år.
Påmelding seinast 19.desember
her »
NB! Etteranmelding blir ikkje godtatt!
14.12.2008
Skitreninga for den eldste gruppa blir i morgon 15.12 på Gålå.
Stilart: Klassisk.
Vi vil be om at dei som kan, stiller med bil ved Bygdahuset kl. 18.00. Vi
fyller opp bilar og samkjører frå her.
11.12.2008

Det er kjørt på såle i lysløypa og lysene er på mellom kl 16.00-22.00.
Det blir kjørt på spor så fort det kommer mer snø.
God tur!

Laurdag 13.12 blir det arrangert testrenn i klassisk fellesstart og
klassisk jaktstart på Heidalskogen. Dette kan vere eit greitt alternativ
for dei som ikkje skal delta på Astridbekkrennet.
Påmelding ved start. Følg med på
www.heidalil.no for
starttidspunkt.
08.12.2008
Skal du spisse formen mot neste skirenn?
Her er formelen for korleis du skal gå fram.

Les meir om dette på
forskning.no

Ski i lysløypa for yngste gruppe frå i dag og kvar måndag framover.
Kuldegrense - 12°C
Siste trening før jul er måndag 15. desember.
07.12.2008
Det blir skøyting i ljosløypa for den eldste gruppa på skitreninga i
morgon 8.12. Kuldegrense: -12° C

Resultatliste frå Heidalsrennet finn du
her »
01.12.2008
BUL-sprinten går på Gålå 6. og 7. desember 2008.
Klassisk sprint laurdag og 5, 10 og 15 km klassisk søndag.
Her blir det mange kjente og gode langrennsløpere og mye å lære.
Møt opp og lag fin stemning på Gålå.

Heidalsrennet laurdag 6.desember på Rindvang - fri
stil
Skigruppa oppfordrar flest mogleg til å bli med på Heidalsrennet
laurdag 6. desember.
Påmelding seinast 3. desember
her »
Dette er eit fint renn å sesongdebutere for både dei som har vore med
før og for debutantar.
Det er fint å trene på å konkurrere tidleg i sesongen, kanskje det gjev
inspirasjon til å delta på fleire renn utover vinteren.
Vi har og merka oss eit par renn til på vinterens treminliste som vi vil
satse litt ekstra på som ”Kvams-renn”, sjå terminlista
her »
Kvelden før rennet vil det bli samling i smøreboden til Rudland, slik at
dei som ønskjer hjelp til grunnpreparering kan møte opp.
Det blir og hjelp å få før rennet startar på Rindvang.
Dersom det er spørsmål ta kontakt med Torunn, tlf. 99 64 26 54.
30.11.2008
Trening måndag 1. desember, eldste gruppe:
Alle som har må ta med rumpe-racer. Ta gjerne med fleire om du har, slik
at dei som ikkje har kan få låne.

Resultatliste frå Dombåsrennet 29. november:
Sjå
her »
24.11.2008
Skitrening eldste gruppe måndag 24.11.08
Da det er mange som har vore på samling i helga, blir det roleg joggetur
før innetreninga.

Årets første skirenn - Dombåsrennet laurdag 29.
november - fri stil
Påmelding seinast tysdag 25. november
her »
Inntil online påmelding verkar,
kan de melde dykk på her:
Dombås il, langrennsgruppa v/ Kristian Sverdrup,
2660 Dombås, tlf. 916 50 100,
e-post:
ksverdrup@online.no innan tysdag 25. november.
16.11.2008
Brukt
salg - byttekveld
Det blir kjøp og salg av vintersports utstyr i samband med skitreninga
mandag kveld 17. november fra klokken 17 og utover.
Har du ski, staver, sko, alpinutstyr, skøyter m.m. som du vil selge så
møt opp i klubbhuset!
13.11.2008
Skisamling Rønnsætra på Gålå 22. - 23. november -08.
Fron ski har skisamling på Rønnsætra for alle løparar i Fron født i 1998
og eldre.
Det blir to økter laurdag og to søndag, både klassisk og fristil.
Detaljert program blir lagt ut seinare.
Frammøte ferdig skifta på Rønnsætra laurdag kl. 10.00.
Pris pr. person kr. 250,- inkl. overnatting og mat.
Påmelding seinast onsdag 19.november til Torunn, tlf. 99 64 26 54 eller
torusig@online.no
Spørsmål kan rettast til Jo, Åge eller Torunn.
Vel møtt!
04.11.2008
Ringebu G-sport inviterer til racingmesse
Ringebu G-sport inviterer til racingmesse laurdag 8. november frå kl.
10.00 - 15.00.
Les meir
her
»
I samband med messa, inviterer også
Ringebu G-sport til ei treningsøkt med Egil Kristiansen frå kl 14.00
Les meir
her
»
30.10.2008
Sør-Fron ski og friidrett ønsker velkommen til den årlige miljøsamlinga på
Fagerhøi 29. - 30. november 2008.
Ankomst Fagerhøi laurdag 29.11 kl. 09.00
Kl. 10.00 1.økt - teknikk trening klassisk- skileik
Kl. 12.00 lunsj
Kl. 14.30 2.økt - teknikk trening fristil- skileik
Kl. 18.00 middag
Kl. 20.00 samling i peisestue med underholdning av alle klubbene.
Søndag 30.11
Kl. 08.30 frukost
Kl. 09.30 1.økt lett intervall -fristil
Kl. 12.00 lunsj
Kl. 14.30 2.økt klassisk rolig langtur
Kl. 16.00 avslutning
Påmelding til Arne Bjørke innen 21. november tlf. 97 53 76 32 - e-post
arnb2@online.no
Pris kr.690. pr. pers. Ta med sovepose, lakenpose eller dynetrekk.
Det må være skiføre for at samlinga blir gjennomført.
29.10.2008
Samling Kvamhytta 25. og 26. oktober.

Fron ski hadde i helga samling på Kvamhytta. Det var 15 løparar laurdag
og 13 søndag + 2 trenere og nokre foreldre.
Laurdag starta vi med ei økt der vi la størst vekt på teknikktrening. Etter
at vi hadde ete og kvilt, var det tur til Sukkertoppen. Nesten alle var på
toppen i styggværet og den sprekaste var oppe 2 gonger…….
Søndag var det ei økt der vi starta med eit motbakkeløp på ca 1 km for alle,
og etter ei lita pause var det jaktstart på 2 og 3 km etter resultata frå
motbakkeløpet.
God innsats og positiv holdning frå alle løparar gjennom heile samlinga.
Vi hadde ei fin helg på Kvamhytta både sosialt og treningsmessig, og det
hørtes ut som alle treivs godt.
Takk til alle som ordna med mat og anna.
23.10.2008
Program samling Kvamhytta 25. og 26- oktober.
Laurdag 25. okt:
Kl 10.00 Frammøte.
Kl 10.30 Økt 1:
Trening og terping på ulike øvingar som skigang, elghufs, sprettende skigang,
med mest vekt på teknikk og rett utføring av øvingane.
Kl. 12.00-15.00: Mat og kvile.
Kl. 15.00 Økt 2:
Langtur. Gå/jogg. Ulik lengde etter alder.
Kl. 18.00 Middag. Sosialt samver.
Søndag 26. okt:
KL 10.00. Intervalløkt:
Konkurranseprega. Jaktstart????
Ca kl 12.00: Avslutning.
19.10.2008
Samling Kvamhytta 25. - 26. oktober 2008
Fron ski har barmarkssamling på Kvamhytta for alle løparar i Fron
født i 1998 og eldre.
Vi håper mange som ikkje er med på Fron ski treningane til vanleg, blir
med på samlinga.
Dette er inspirerande og artig for både små og store.
Det blir to treningsøkter laurdag og ei søndag, detaljert program blir
lagt ut torsdag.
Frammøte ferdig skifta på Kvamhytta laurdag kl. 10.00.
Pris pr. person kr. 250,- inkl. overnatting og mat.
Ta med:
Påmelding seinast onsdag 22. oktober til Torunn, tlf.
99 64 26 54 eller
torusig@online.no.
Evt. spørsmål kan rettast til Åge, Jo eller Torunn.
Vel møtt!
11.10.2008
Vellykka samling for Fron ski i Torsby tunnelen 3. - 5. oktober

Samlinga ga ein pangstart på den harde oppkjøringa til skisesongen.
Alt var vellykka og på alle måtar og løparar, trenarar og foreldre var topp
motiverte etter heimkomsten.
30.09.2008
Racingdag 2008 G-sport Ringebu
Årets racingdag på G-sport Ringebu blir 8. november.
Leverandører og butikkens ansatte stiller opp for å gi tips og kyndig
veilledning.
25.09.2008
Skitrening i Kvam kvar måndag frå 6. oktober.
2. - 4. klasse skileik på idrettsanlegget 18.00 – 19.00, oppmøte
idrettsanlegget.
4. klasse og oppover trener ute frå 18.00 og ca. 1 time – styrketrening
i bygdahuset etterpå, oppmøte bygdahuset.
Det blir opna for å velje gruppe sjølv.
Er nokon på eldste gruppa som vil vere med på skileik er det heilt i orden,
og er det nokon frå yngste gruppa som vil satse meir og meiner det blir for
lett trening på yngste gruppe, så er det og moglegheit for det.
Mette Blankenborg og Ole Kristian Rudland er hovudansvarlege for yngste
gruppe,
Torunn Sigstad for dei eldste.
Det er viktig at det er fleire trenarar på kvar trening for at vi kan
imøtekome stor alder og nivåforskjell. Vi har derfor behov for fleire
trenarar / medhjelparar på båe grupper, og ber om at dei som kan bidra seier
frå til ein av dei ansvarlege.
På treningane skal det leggjast vekt på variert og artig trening.
Det blir i fyrste omgang lagt opp til ei trening pr veke, men vi evaluerer
utover hausten om det er interesse og trenarressursar for ein kveld til for
dei eldste.
Fron ski har 2 treningar pr veke for dei frå 11 år og oppover. Onsdagar kl.
18.00 i Barhaug, både ute og inne og søndagar på rullering i klubbane etter
eigen plan, sjå treningsopplegg september – november
her
»
På treningane i Fron ski blir det kondisjonstrening med mykje intervall og
teknikktrening.
Det blir likevel lagt til rette for at det er alders - og nivå forskjell på
løparane, slik at dei blir delt i grupper.
Vi hadde ein gjennomgang i vår på fjorårssesongen og vil prøve og imøtekome
ønskja som kom fram der, men ber og om at det blir sagt frå om evt. ønskje/innvendingar
direkte til skigruppa.
Måndag 6. oktober blir det møte i klubbhuset like etter kl. 19.00 for
løparar på den eldste gruppa og foreldre.
Det blir derfor ikkje innetrening denne kvelden og frammøte blir denne
kvelden på idrettsanlegget.
Vel møtt til ei artig og variert treningsøkt!
Skigruppa
v/Torunn
15.09.2008
T1 kurs Langrenn "Ski-gøy for barn"
Oppland skikrets inviterer til Trener 1 langrenn kurs på Lillehammer
12.oktober og 10. januar.
Kvam Il skigruppa håper noen vil delta på dette kurset, klubben betaler
kursavgift og kjøregodtgjørelse.
Ta kontakt med Lisa eller Torunn.
Påmeldingsfrist 8. oktober.
Mer informasjon
her »

X-trem Spræk 2008 18. - 19. oktober 2008 på Jorekstad
Dette var en kjempe suksess i fjor, først til mølla - de 50 første får
plass.
Alle aktive i alle grener 13 - 16 år (93-96).
Hinderløype, vannsport, basistrening, teambygging, pilates, orientering og
foredrag er noe av det som foregår.
Pris kr. 500,- pr. deltaker.
Mer informasjon
her »
08.09.2008
Ski samling Fefor 3. - 5. oktober 2008
For de som ikke skal til Torsby denne helga er det og mulighet til samling
i nærmiljøet.
Fefor Høifjellshotell As inviterer i samarbeid med trener i regionen og
smører,
alle interesserte til ski treningssamling på Fefor 03-05. oktober 2008.
Aldersgrense 12 år.
Mer informasjon
her »
17.08.2008
Triatlon Fron ski 17.08.08.
I
fin natur ved Verket i Espedalen og fint vær vart det gjennomført triatlon (
rulleski - sykling - terrengløp ) på dagens trening i Fron ski.
14 løparar i alderen 10 - 16 år stilte til start på triatlon, og ca 40
personar totalt, gjorde alle sitt til at det var stor stemning under dagens
trening.
Alle sykla 11 km, medan distansa på rulleski og terrengløpet varierte i dei
forskjellige aldersklassane.
Dagen vart avslutta med grilling.
Veldig artig at så mange møtte fram, og innsatsen til alle dei startande var
imponerande.
Resultatliste her
»

Treningsøkt med Petter Northug jr.
Snautt
30 ivrige og forventningsfulle løparar i alderen 9 - 16 år møtte fram for å
delta på dagens treningsøkt med Petter Northug jr. - og dette var ikkje
berre "barneskirenn".
Det var MX-sport Vinstra som sto bak opplegget, men Fron ski var invitert
til å stille med løparar.
Hurtigheitstrening med mange stutte intervall sto på programmet, og her
galdt det ha det rette taktomslaget som Petter er så kjent for.
Rask reaksjon og taktomslag er viktig, óg for skiløparar.
Petter hadde ei enkel oppgåve i å motivere dei frammøtte, som nok hadde
stilt opp like engasjerte om trenaren hadde bedt dei ta 100 nye repetisjonar...
Petter sjølv var dessverre skada og kunne ikkje delta, da han slei med ein
muskel i foten etter å ha teke bronsemedalje på 3000 m hinder i junior NM
sist søndag.
Morosamt og inspirerande møte med Petter, som nok er eitt av dei største
førebileta til desse unge løparane.
Artig å få med seg i oppkøyringa til neste sesong.
11.08.2008
Barmarkstrening med Petter Northug 14.august
Treningen starter klokken 1600.
Oppmøte utenfor butikken på parkeringsplassen i treningstøy og staver.
Klokken 1550
Treningen varer fram til 1700.
07.08.2008
Barmarkstrening
med Petter Northug torsdag 14. august
Gjennom MX-Sport Vinstra er Fron ski blitt invitert til treningsøkt med
Petter Northug torsdag 14. august på Vinstra.
Tidspunktet er pr i dag ikke endelig bestemt, men vi håper å få det til ca
kl 16.00.
Alle som deltar får t-skjorte signert av Petter.
Max antall 30 stk - først til mølla prinsippet gjelder.
Påmelding til Torunn mob. 99 64 26 54, snarest mulig.
03.08.2008
Opplegg Fron ski august - september 2008
Klikk
her
»
Følg med for eventuelle endringar.
Ta kontakt med Jo, Åge eller Torunn dersom det er spørsmål.
Vel møtt til gamle og nye løparar - dette blir artig!
03.07.2008
5 kvamsløparar på SKIsports sommerskiskole på Dalseter
Halvor, Lars Eivind, Ola Esten, Pernille og Mari deltek denne veka på
sommerskiskole på Dalseter i Espedalen.
Tøffe treningsøkter, men kjempeartig og inspirerande er rapporten frå dei.
Sjå bilete frå kva dei er med på
her
»

Mange frammøtte og god stemning på setertrim / stigningsløp til
Hillingsætra 1. juli.

Deltakarar frå Kvam
Heile 36 stk., her av 10 spreke og blide ungar, besøkte Hillingsætra denne
fine julikvelden.
Der vart tur o-post nr. 48 stempla for Tormod’s turorientering.
Gledeleg at så mange møtte opp og gjorde dette til ein triveleg kveld, som
vart avslutta med grilling og sosialt samvær ved klubbhuset i Kvam
Idrettspark.
Ungane hadde til og med nok krut igjen til ein skikkeleg fotballkamp etter
turen.
24 stk. gjekk frå Solshaugen og 12 stk. stilte til start i stignigsløpet frå
Gardvegen og opp til Hillingsætra, her av 4 kvamværer.
Tøff tur med 560 stigningsmeter på ca. 2,5 km. Det kjennes godt i beina (
red.merk.- iallefall til underteikna….!!!).
I herreklassa tok Jan Petter Eide favorittsigeren i år som i fjor, på tida
26.45. Dette var over eitt minutt betre enn i fjor.
I dameklassa var det snart 17 år gamle Anna B. Giverhaug som tok sigeren, 6
sekund før Gry Korssletten som hadde bestetida i fjor.
Eple fell som alle skjønar ikkje langt frå stammen.., bestefar Olaf som
fylte 70 år nokre dagar sidan, forbetra tida si frå i fjor med over 3 minutt
og tok 2.plassen i herreklassa.
Kvamværane måtte finne seg i å sjå seg slått av dei meir veltrena gjestane
frå Tormod, men kan trøste seg med at forbetringspotensiale er stort…..
Satsar på revansje neste år….
Vi gratulerer alle med vel gjennomført tur/løp og takk for ein triveleg
kveld.
Sjå resultata
her »
29.06.2008
Stigningsløp Hillingen tysdag 1. juli kl.18.00.
Oppmøte i klubbhuset.
Vi gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer stigningsløp saman med Tormod
Skilag, frå Gardevegen opp til Hillingsætra. Tidtaking for dei som vil.
Det er og moglegheit for å gå frå Solshaugen.
Sosialt samvær i klubbhuset etterpå.
Vel møtt!
14.06.2008
Søndag 29. juni 2008 kl. 16.00 blir det trening i regi av Fron ski på
Kverndokken.
Joggesko og stutte stavar.
03.06.3008
Treningstips til alle 10 og 11 åringer i Fron Ski for juni 2008.
Vi har sett på at alle er med på fotball, så vårt tips for trening nå
mens fotballen er i gang, er i tillegg til fotballtrening og kamper, å prøve
å få til ein roleg langtur (ca 45 min - 1 time) enten på sykkel eller
jogging ein gong i veka, og kanskje ein tur på rulleski for å trene balanse
og teknikk. Nok med ein halv time.
For dei som ønskjer det kan vi gjerne sette opp eit meir personleg program
for juli, når det er mindre fotball.
Jo og Åge.
20.05.2008
Samling Fron ski 13. - 15. juni 2008
Det blir skisamling på Sognefjellet helga 13. - 15. juni.
Les meir om samlinga
her
»
Bindande påmelding snarast og seinast 22.05.08,
til Torunn 99 64 26 54.
09.05.2008
Nytt opplegg for våren og forsommaren 2008 er lagt ut
Klikk her
»
03.05.2008
Ski avslutning 2008
Søndag 28.04.08 var det premieutdeling og avslutning av ski sesongen
2008.
I godt vår vær var det mange som møtte opp på tribuna ved speaker bua for å
ta imot velfortjente premiar.
Det har vore arrangert 3 karusellrenn i lysløypa. Skiføre i lysløypa tok
brått slutt 18. februar og dei siste renna vart difor avlyst.
Totalt 130 små og store har stilt til start på årets renn. Dette er større
deltaking enn på mange år etter det vi kan finne ut. Det var 114 ungar, 9
seniorar og 7 gjestedeltakarar frå Fron ski.
I tillegg vart våre trufaste tidtakarar Jo og Ola premiert for ”lang og tru”
teneste.
I tillegg er det arrangert familie dag saman med allidretten og
klubbmeiseterskap på fjellet med eigen premiering.
Etter utdelinga vart det servert brus, kaffe og kaker. Mange nytta og høve
til ei ”treningsøkt” på fotballbana før dei gjekk heim.
Skigruppa vil takke for deltakinga og oppmøte og ynskje alle vel møtt att
neste vinter.
Vi satsar på ny deltakarrekord også neste år……
Treninga for dei aktive vil starte opp i midten av mai. Meir informasjon vil
kome seinare.
22.04.2008
Søndag 27. april blir det premieutdeling for alle som har deltatt på
karusellrenn i vinter.
Les mer
her »
11.04.2008
Høvringenturen i morgon 12.04.2008, er avlyst på grunn av dårlege
verutsikter.
08.04.2008
KM i stafett
Kvam idrettslag sine lag gjorde det godt under stafett-KM på
Astridbekken i Gausdal søndag 6. april. Kvam stilte med fire lag, tre reine
Kvam-lag og eitt lag saman med Sør-Fron. Alle dei elleve løparane våre gjekk
svært gode løp, og alle laga fekk gode plasseringar.

I G 8-10 år stilte Simen Blankenborg Berge, Sigurd Haadem
Rudland og Endre Sanden. Alle tre gjekk fort i den kilometer-lange løypa, og
laget fekk den gode tida 13.15. Det er godt gjort å gå tre kilometer så
fort!

I G 11-12 stilte Torstein Hagen, Hans Kristian Haadem Rudland
og Espen Sanden. Dette laget er eit svært sterkt lag. Torstein gjekk den
fyrste etappen. Han var uheldig i starten og datt, noko som gjorde at han
kom litt dårleg ut. Torstein tok seg fint opp att i feltet og ga Hans
Kristian eit godt utgangspunkt. Hans Kristian gjekk seg framover i feltet og ga
Espen ein god posisjon da dei veksla før siste etappe. Espen gjekk svært
godt og gjekk laget fram til plass nr. 14.

I G 13-16 stilte Kvam med Lars Eivind Jensvoll, Halvor Røssum
og Ola Esten Røssum. Lars Eivind kom godt ut frå start og heldt på plassen
sin gjennom heile etappen. Halvor tok over og gjekk laget opp to plassar på
si etappe. Da Halvor veksla med Ola, låg laget på 14. plass. Ola gjekk godt på
si fristil-etappe og gjekk også laget opp to plassar. Ein 12. plass i denne
sterke klassa er ein god prestasjon.

I J 13-16 stilte Mari Vassdokken Sigstad og Pernille Hagen
lag saman med Gry Anette Andersen frå Sør-Fron IL. På grunn av at dette var
eit blandingslag, er dei ikkje med på den offisielle resultatlista. Mari
gjekk fyrste etappen og veksla som nr. 3. Pernille gjekk også godt og kunne
sende Gry ut på siste etappe med ein god posisjon i feltet. Laget kom i mål
som nr. 5.
Det er mange år sidan Kvam stilte med så mange lag i
stafett-KM. For mange av løparane våre, var dette også fyrste gongen dei
gjekk stafett. Dette var ein svært god start for alle saman!
Vi gler oss til mange stafettduellar i åra som kjem.
02.04.2008
KM-stafett Astridbekken 6. april 2008
Kvam har meldt på 3 guttelag til årets Astridbekkstafett:
8-10 år: Endre Sanden, Simen B. Berge og Sigurd H. Rudland.
11-12 år: Hans Kristian Rudland, Torstein Hagen og Espen Sanden.
13-16 år: Halvor Røssum, Lars Eivind Jensvoll og Ola Esten Røssum.
I tillegg er det medt på eitt jentelag Kvam/Sør-Fron:
13-16 år: Mari Vassdokken Sigstad, Pernille Hagen og Gry Anette Andersen.
Følg med her
»
01.04.2008
GD-cupen samanlagt 2008
Kvam sine løparar tok fleire poeng samlagt enn noko år tidlegare i årets
GD-cup for 11-14 åringar.
Dei 5 beste renna teller.
4. plassar til Hans Kristian og Mari, men og fine plasseringar til dei
andre.
Martine 7, Espen 9, Torstein 17, Halvor 16, Pernille 11 og Lars Eivind 17.
Fullstendig oversikt
her »

Ny dato før Høvringenturen blir laurdag 12. april. Avreise kl 09.00 frå
Slettakrysset.
Ny påmelding til Lisa Rustli, tlf. 97 54 37 77 eller
Torunn Sigstad, tlf. 99 64 26 54 innan torsdag 10.04
\31.03.2008
Fronsstrening i Skåbu onsdag 2. april kl. 18.30 - valfri stilart.
29.03.2008
Moskusrennet 29. mars og avslutning GD-cup
Årets siste individuelle renn og avslutning av GD-cupen 2008 gjekk på
Dombås under vanskelege forhold. Nok ein gong kom både løparane og vårt
smøreteam i mål med heiderleg innsats. Klassisk fellesstart i tildels sterk
vind gjorde at løparane vart sett skikkeleg på prøve.
Våre yngste løparar i 8 – 10 års klassa, Sigurd, Endre og Sander gjekk alle
gode løp på sin 1km og har vist god framgang i vinter. Sigurd fekk tida
5.39, Endre 5.02 og Sander 5.56.
Frå 11-14 år var det avslutning på årets GD-cup og for mange var det små
marginar framover og bakover på samanlagtlista. Nervane var derfor i
høgspenn før start.
Våre 3 gutar i 11 års klassa har imponert med gode resultat i heile vinter
og innsatsen var på topp heilt til det siste og i dette rennet.
Hans Kristian kunne for andre gong denne sesongen klatre opp på pallen med
sin 3. plass. på tida 9.07, berre to sekund bak vinnaren. Hans Kristian har
hatt stor framgang denne sesongen og tok til slutt 4. plassen samanlagt i
GD-cupen. Torstein har også gått seg gradvis oppover på resultatlista
gjennom sesongen og gjekk i dag inn til ein sterk 10.plass på tida 9.55.
Espen gjekk nok ein gong eit godt løp, men likar seg best i fri stil og går
sine aller beste løp der. 13. plass med tida 10.12 i denne klassa er likevel
veldig sterkt.
Halvor avslutta med årsbeste da han gjekk inn til ein 12. plass på tida
12.01.
G11 og 13 er særs store og tøffe klasser og prestasjonane til våre 4 gutar i
desse klassane står det respekt av.
Martine gjekk og sitt beste løp for sesongen og tok ein 5. plass på tida
9.53.
Mari gjekk inn til sin tredje 4. plass denne sesongen på tida 11.29. Ho har
hatt ein jamn strek sesong og tok 4. plassen samanlagt i GD-cupen.
Det var mange harde og jamne duellar på denne klassiske fellesstarten og
marginane framover og bakover var små. Det ser likevel ut til at
Kvamsløparane er tøffe nok til å takle presset på ein slik fellesstart, da
nesten alle gjekk inn til årsbeste eller tangering av den.
Gode resultat på gode ski må vel seiast å vere oppsummeringa av både
avslutningsrennet og sesongen.
Resultat Moskusrennet
Klikk
her »

NB! Høvringenturen i morgon 30. mars, er avlyst på grunn av dårleg
vermelding. Ny dato blir fastsett over helga.
28.03.2008
Startliste Moskusrennet
Klikk
her
»
Glide/smøretips
Moskusrennet 29. mars
LF 6 eller HF 8
Grøn Toko elller liknande i festesona.
Usikre vermeldingar - slik at resten blir ikkje bestemt før
vi kjem til Dombås. |
24.03.2008
Fronstrening i Skåbu onsdag 26. mars kl. 18.30 - klassisk stil.

NB! Hugs og melde døkk på Moskusrennet 29. mars - påmelding seinast
25. mars

Vi minner om Høvringenturen 30. mars
Meir informasjon
her
»
17.03.2008
Påskeskirenn i Skåbu
Det er påskeskirenn i Skåbu skjærtorsdag kl 12.00.
Interesserte kan lese meir
her
»

Birkebeinerrennet 2008
I strålande ver og rekordføre gjennomførte alle våre 7 birkebeinarar gode
løp.
Alle stråla om kapp med sola på denne dagen, og den fine turen freista til
gjentaking for både ungdommane og dei vaksne.
Halvor var kanskje den som strålte aller mest av våre denne dagen. Etter at
han hadde uhell med ein stav i fjor, gjennomførte han eit løp utan uhell og
gjekk eit sterkt løp på tida 46.03 og vart nr. 143 av 225 i si klasse.
Lars Eivind var og godt fornøgd med gjennomføringa, med unntak av eit fall
som kosta han noko tid. Han gjekk eit godt løp på tida 42.29 og vart og nr.
143 av 205.
Pernille og Mari stilte i J14 med totalt 100 startande. Mari fekk tida 41.35
og ein sterk 26. plass (som i fjor). Mari var ikkje heilt nøgd med
gjennomføringa, men fin plassering.
Pernille trivs godt på slike lange løp og hadde sett veldig fram til nettopp
dette rennet. Dessverre har ho vore sjuk den siste tida og var prega av
dette. Likevel gjekk ho eit jamt og godt løp på tida 45.30 og ein god
69.plass.
Ola Esten trivs også særs godt på slike lange løp og gjekk på den sterke
tida 36.22 og kom med dette inn på ein 78. plass av 180. Som vanleg god
gjennomføring av Ola.
Frank og Olav stilte i M45-49 år, ei tøff klasse der totalt ca. 1130 stk
gjennomførte. Maksimaltida for merke var 3.25.06. Både Frank og Olav var
debutantar i Birkebeinerrennet, men gjennomførte i god stil over fjellet.
Frank fekk tida 4.10.53 og vart nr. 583. Han var fornøgd med løpet og tida.
Olav fekk tida 4.36.41 og vart nr. 754. Båe syntes dei hadde hatt ein fin
tur over fjellet og det freista til gjentaking. Kanskje får dei følgje
fleire kvamværar på turen over fjellet neste år.....
Gratulerer med innsatsen alle saman!
Skigruppa ynskjer alle ei riktig god påske med mange fine skiturar!
14.03.2008
Birkebeinerrennet 15. mars 2008
Frå Kvam stiller totalt 7 løparar til start på årets Birkebeinerrenn.
5 løparar i Ungdomsbirken og gledeleg nok er det i år og 2 løparar i
sjølvaste Birkebeinerrennet.
Bra at dei vaksne "følgjer i spora" til våre tøffe ungdommar!
For våre 5 ungdommar,
Ola Esten Røssum,
Lars Eivind Jensvoll,
Pernille
Hagen,
Mari V. Sigstad og
Halvor Røssum, er dette eitt av årets høgdepunkt.
Ungdomsbirken er 15,3 km med start på Sjusjøen, der dei går ei sløyfe på ca.
2 km før dei startar nedfarten til Birkebeiner'n skistadion.
Frank Jensvoll og
Olav Røssum er klare for dei tøffe 54 km over fjellet frå
Rena til Lillehammer.
Vi ynskjer alle god tur og lykke til!
Følg med for resultat
her »
10.03.2008
Bli med på den årlege høvringenturen.
Meir informasjon
her
»
09.03.2008
Vellykka klubbmeiseterskap og skileikdag på Kvamsfjellet
Årets
klubbmeisterskap vart arrangert på Rondablikk Fjellsenter.
Dessverre er vår faste plass i Rondablikkgropa nå under utbygging og
løysninga vart å bruke området til Fjellsenteret. Eit godt alternativ, men
mange av oss sakna nok Rondablikkgropa i dag. Laussnø køyring og utfor frå
toppen, med mange tilskodarar på den lune og fine grillplassen, har gjeve
oss mange uforgløymelege og artige augneblink opp gjennom åra.
Fjellsenteret hadde også i dag sørgja for fine og nykøyrde løyper, og dei
stilte heile område til vår disposisjon. Vi vil rette ein stor takk til dei!
I plussgrader og fine forhold, stilte totalt 65 løparar til start i
klubbmeisterskapen. 1 meir enn i fjor og det er vi særs fornøgde med. Rennet
gjekk i klassisk stil. Dette sette smørarane på prøve, men dei fann som
alltid løysninga til slutt.
Også i år var det den yngre garde som hadde dagens beste tider. Om dette er
eit særs godt teikn for våre yngre løparar eller om det er seniorane som
ikkje heilt har funne toppforma, kan sjølvsagt diskuterast. Uansett så ser
det lovande ut for framtida og vi eldre kan vel berre ha eitt mål for neste
sesong – trene meir!
Mange gode unge og ivrige skiløparar var å sjå i sporet i dag, og innsatsen
var som alltid på topp.
Det var hard kniving med mange startande i fleire klassar og mange jamne
duellar, men det er alltid plass til fleire. Vi må framleis arbeide for at
fleire held fram og blir glade i å gå på ski.
Etter rennet kosa både små og store seg med pølser, saft, brus, kaffe og
kaker.
Sjå resultat og bilete frå klubbmeisterskapen frå lenkene i høgre marg.

Moskusrennet 29. mars
Dette er sesongavslutning og finale i GD-cup og cupen for 15-16 åringar
Påmelding seinast 25.03.08
her »

Skitrening veke 11
Måndag 10. mars - klassisk skitrening på fjellet - avreise frå Bygdahuset
kl. 17.30, ta med hodelykt.
Eller Fronstrening i Skåbu kl.18.30 - valfri stilart.
Onsdag 12. mars - karusellrenn i Skåbu - skøyting - påmelding frå kl.18.00.
Torsdag 13. mars - Fronstrening Gålå kl. 18.30 - klassisk.

Vi oppmodar alle til å gå mykje på ski i påska, det er eit særs viktig renn
igjen etter påske.
Legg inn litt ekstra eigentrening i påskeferien, slik at de ivaretek den
gode forma til sesongavslutninga.
06.03.2008
Stillinga i GD-cupen etter 5 av 6 renn.
Klikk
her »
03.03.2008
Det blir klubbmesterskap på ski ved Rondablikk fjellsenter søndag 9. mars
2008 kl. 12.00
Påmelding i god tid før kl. 12.00.
Les mer
her »

NB! Karusellrennet i dag er avlyst!

NB!
Som ett alternativ til T1 kurset som var planlagt på Vinstra, kjører vi ett
3 timers skikurs i dag 3/3 kl. 18.00 i Brudalen (fotballbanen) på Harpefoss.
Oppland skikrets stiller med instruktør. Om noen har lyst til å bli med er
det bare å møte.
Om noen er interessert, ta kontakt med Lisa på tlf: 97543777.

Selsrennet

Ein stor delegasjon frå Kvam hadde teke turen til Tolstadåsen,
og i dag vart det mange gode resultat på våre håpefulle, og fleire forbetrar
stadig tidene.
Gutane i 11 års klassa imponerte med svært god laginnsats også i dag. I
favorittstilen gjekk Espen sitt beste renn for sesongen, og kom i mål på ein
flott 5. plass, berre 7. sek. frå pallen! Tida vart 6.28. Hans Kristian
følgde opp med ein 6. plass, med tida 6.36, medan Torstein igjen sette
årsbeste med 10. plass, og tida 6.43. Med hard konkurranse, og 34 deltakarar
i klassa, er dette sterkt!
Martine skøytar godt, og i dag vart det ein god 9. plass på ho, med tida
7.45. Martine har hatt fri frå konkurranse ei stund, så dette var eit flott
”comeback”. Det er tett også her mellom løparane, og det er ikkje mange
sekunda opp til enda betre plasseringar!
Våre eldste gjorde også solide løp i dag, der Mari utmerka seg med ein fin
4. plass. Ho slo
sin harde konkurrent, Lena Jansson frå Ringebu/Fåvang med to sekund!
Pernille gjekk inn til ein 11. plass med tida 10.45. Også Pernille
gjennomfører i fin stil, og har god mulegheit til å klatre oppover
resultatlista.
Halvor gjekk på tida 10.28, og dette held til ein 14. plass. Lars Eivind kom
i mål på 15. beste tid, med 10.09. I guteklassene er det beinhard
konkurranse, men både Halvor og Lars Eivind går godt, og har ei positiv
innstilling. Dei er i angrepsposisjon framfor dei neste løpa!
 |
|
Malene debuterte med eit
godt renn |
Malene Lien Killi var Kvam sin debutant i dag i J8, og ho var
godt fornøgd etter rennet. Dette ga meirsmak, og etter målpassering var ho
alt klar for neste renn! Malene gjekk på tida 6.59. Sigurd og Simen i G8
klassa, skøyta i fin stil i dag. Sigurd fekk tida 4.52, medan Simen gjekk på
5.45, med fall. I G9 gjekk Endre inn til tida 4.19, også han med fall. Gode
løp av alle dei minste gutane!
Ingrid meldte seg også til start i J8, og gjekk 1 km på den gode tida 7.52!
Alt i alt eit nytt, flott skirenn av våre løparar!
02.03.2008
Trening måndag 03.03.08
Klassisk trening på fjellet - møt ved Bygdahuset for koordinering av skyss.
Føresette må regne med å vere med å kjøre. Avreise kl. 17.30.
Er det noen frå den yngste gruppa som skal vere med, må desse ha med
føresette.
Ta med hodelykt.

Resultat frå Selsrennet
Klasse 8-10 år »
Klasse 11 år og eldre »

Stafettgull til Oppland!
Jentelaget til Oppland avslutta Hovedlandrennet 2008 med å gå inn til seier
på 4x3,7 km stafett. På laget gjekk Sigrid Nordgården frå Vestringen, Berit
Haugen frå Ringebu-Fåvang skiklubb, Marte Bjørnsgaard frå Lillehammer
skiklubb og Barbro Kvåle frå Brandbu idrettslag.
Oppland sitt 1. lag gjekk inn til plass nr. 12 på resultatlista i guteklassa
sin 4x5 km. Her stilte det heile 15 lag frå Oppland. Ola Esten Røssum gjekk
den klassiske fyrste-etappen på 6. laget. Han heldt godt følgje med den
fyrste delen av feltet, og veksla som nr. 61. Laget til Ola gjekk seg opp
utover i løpet, og kom inn til mål som nr. 54.
Resultata frå stafettane kan du lesa
her »
Med dette løpet avslutta Ola Esten sitt fyrste Hovedlandsrenn i langrenn.
Han hadde tre fine dagar med gode resultat på Savalen, der han budde saman
med løparane frå Ringebu-Fåvang skiklubb.
Med alle våre unge aktive og flinke skiløparar kan vi nok sjå fram til
deltaking frå Kvam idrettslag på mange Hovedlandsrenn i åra som kjem. Dette
er eit renn det er verdt å trene for å få vera med på!
01.03.2008
13 kvamløparar på Selsrennet 2. mars - GD-cup fristil.
Herav har vi ein debutant på startstreken - Malene Lien Killi - vi
følgjer spent med.
Starttider/lister
her
»

Premie til Ola i dag!
På Savalen gjekk i dag Ola Esten Røssum eit godt klassisk løp. På den 5
km lange løypa brukte han 14,51.5 sekund. Dette heldt til ein god 89. plass.
Det stilte 273 løparar til start i dagens renn. Ein tredjedel av løparane
blir premierte, og Ola vart altså med mellom desse.
Ola disponerte kreftene godt i den krevjande løypa. Han hadde krefter att
til ein god innspurt og fullførte i fin stil. Løpet var det klart beste Ola
har gått i år. Etter mykje sjukdom var det moro å lykkast i dette, som vel
må seiast å vera høgdepunktet denne sesongen.
I morgon er det stafett som står på programmet. Ola Esten håper på å få gå
ei klassisk etappe på eitt av Oppland skikrets sine lag.
Gull og bronse til Gausdal og Ringebu
I kveld er det ”kakefest” for deltakarane frå Oppland skikrets. Og det er
mykje å feire:
I klassa J15 vann Sigrid Nordgården frå Vestringen i dag gullmedalje, og
Berit Haugen frå Ringebu-Fåvang vann bronsemedalje!
Vi gratulerer med flott innsats, og legg merke til at også små skiklubbar
frå Gudbrandsdalen hevdar seg godt på nasjonalt nivå.
29.02.2008
God sprint-innsats av Ola Esten
Ola
Esten Røssum gjekk inn til plass nr. 134 på sprint-distansen under
Hovedlandsrennet på Savalen i dag. Sprinten gjekk i fristil. Ola Esten bør
vera godt fornøgd med denne prestasjonen.
Det stilte heile 280 løparar til start i klasse G15, og det var svært tett
på resultatlista. Ola Esten gjekk den 870 meter lange løypa på tida 1.47.54
. Dersom han hadde gått 7 sekund raskare hadde han rykka fram heile 100
plassar.
I morgon, på laurdag, er det 5 kilometer klassisk som står på programmet på
Savalen.
Vi ønskjer Ola Esten lykke til!
Du kan sjå fullstendig resultatliste
her »
27.02.2008
Ny tinging av klubbdressar for ski

Kvam IL ved skigruppa vil ta opp ny tinging på
overtrekksdressar for både aktive og andre.
Dressane er spesiallaga i våre farger og har god passform og stor
brukarvennlegheit. Dei som har kjøpt dressen, er pr. i dag godt tilfreds.
Dressane er vind- og vassavvisande med gode pusteeigenskapar.
Alle produkta er nettfora utanom vesten som er fleecefora.
Det tas opp bestilling pr. del, slik at det er mogleg å bestille delar kvar
for seg og forskjellig storleik på alle delane dersom det er ønskjeleg.
Storleikar: 130, 140, XXS, XS, S, M, L, XL, XXL.
Du kan sjå bilete av dressane
her »
Vi tingar på nytt når det har passert 20 stk.
Ta kontakt med Torunn Sigstad for tinging eller spørsmål, tlf. 99 64 26 54.
Pris pr. del dersom vi tingar over 20 stk.:
Jakke kr 805,-
Bukse kr 575,-
Vest kr 595,-
Trykk og frakt kjem i tillegg med ca. kr. 125,00
For aktive er eigenbetalinga kr. 1350,00.
26.02.2008
Hovedlandsrennet
for
15 - og 16 - åringar på Savalen
29.02 - 02.03.08
Ola Esten er vår deltakar, og vi ønskjer han lykke til!
Rennprogrammet er slik:
Fredag 29.02 - sprint fri
Laurdag 01.03 - 5 km klassisk
Søndag 02.03 - stafett
Følg med
her »
25.02.2008
Status GD-cup etter 4 av 6 renn
Klikk
her »

Trening måndag 25.02.08
Skøytetrening på fjellet - avreise frå Bygdahuset 17.30.
Ta med hodelykt.
24.02.2008
Selsrennet 2. mars - GD-cup fristil
Påmelding innan 29.02.08 kl. 20.00.
Klikk
her »
23.02.2008
Hans Kristian på pallen i STEIL-sprinten

STEIL-sprinten var det 4. rennet i årets GD-cup.
Rennet gjekk i klassisk stil under kjempefine forhold og strålande vær i
Skåbu.
Arrangøren gjorde dette til ein fullkomen dag med eit topp arrangement på
alle måtar.
Det same kan og seiast om våre gutar i G11. Alle 3 gjekk strålande og fekk
sterke plasseringar.
Hans Kristian kom for fyrste gongen på pallen i eit GD-cup renn. På tida
7.55 vart han nr.3, berre 14 sek. bak vinnaren.
Espen og Torstein gjekk båe sitt beste klassisk renn for sesongen og viser
sterk framgang.
Espen fekk tida 8.32 og vart nr. 11 og Torstein 8.39, nr. 13 og fekk dermed
si beste plassering nokon gong.
I G10 gjekk Sander på tida 5.14, Endre i G9 fekk tida 4.35 og Sigurd i G8
gjekk i mål på 5.20.
Alle gjekk gode løp og viser framgang.
Våre 5 eldste løparar vart jamt over noko skuffa over eigne prestasjonar i
dag.
Dei hadde nok høge forventningar etter å ha trena i den tøffe Skåbu løypa
nokre gongar i vinter.
Halvor i G13 vart nr.15 på tida 13.07, Lars Eivind i G14 nr.14 med 12.24,
Ola Esten i G15 nr.5 med 16.21.
I J14 vart Mari nr.8 på tida 12.42 og Pernille nr. 13 med 13.43.
Alt i alt ein fin dag i Skåbu der vi fyrst og fremst vil hugse den sterke
innsatsen til våre gutar i G11
Sjå alle resultata
her »
STEILsprinten
Kjendisar frå Kvam på GD's nettside
Klikk
her
»
20.02.2008
Fronstrening torsdag 21.februar kl. 18.30 (NB! merk tida) på Harpefoss.
Da det er hardt og isete i løypa blir det valgfri stilart.
18.02.2008
NB! Karusellrennet i dag 18.02 er avlyst!
Dei frå den eldste treningsgruppa som likevel har lyst til å trene, kan
ta kontakt med Ole Kristian på telefonnummer 90949698
17.02.2008
"Heilt konge" i Kollen i dag!

Det var ein strålande dag i Kollen, også på søndag under Ungdommens
Holmenkollrenn, med sol, godt føre og gode temperaturar.
Og Halvor, Lars Eivind, Pernille og Mari følgde godt opp, både det flotte
véret og dei gode resultata frå laurdag. Nå var det fristil som stod på
programmet
Halvor var fyrst ute av våre. Han kom i mål på 11.12, som er ei svært god
tid. Halvor var den av våre som forbetra seg mest tidsmessig i forhold til
det klassiske rennet dagen før.
Lars Eivind følgde godt opp, og kom i mål på tida 10.59. Sjukdomsperioden
har visst ikkje sett Lars Eivind så mykje attende. Dette var eit sterkt løp.
Pernille viser svært stor framgang i fristil. Den sterke tida 11.57 vitnar
om det. Ein skulle ikkje tru at dette er Pernille sin fyrste sesong der ho
konkurrerer i fristil. Eit stort talent!
Mari gjekk også raskt i den krevjande løypa, og kom inn på tida 10.54. Det
heldt til ein sterk 38.plass. Som den einaste av løparane våre vart Mari
premiert båe dagane. Det er godt gjort.
Alle fire reiste heim att frå Oslo med ei stor oppleving rikare. Å vera
saman ei helg under slike forhold, og konkurrere med trivlege
langrennsløparar frå heile landet er morosamt.
Både sportsleg og sosialt er dette eit minne for lang tid framover.
Resultat søndag

Vellykket familiedag i Kvam idrettspark!
Søndag 17. februar vart det for første gong arrangert familiedag i
idrettsparken. Det var lagt opp til mange ulike aktivitetar, både for små og
store. Her var det skiorientering, med eiga løype for dei aller minste på
fotballbanen, og ei for dei større i lysløypa. Det var skøyter, hulemåking,
og bakker for både aking og utfor på ski. På øvre fotallbanen var det
skiskyting, med erteposer. Omlag 120 små og store møtte fram i
idrettsparken. Grillen blei tent opp, og mange fekk grilla seg pølser og
kosa seg i det fine veret. Dagen blei avslutta med skiskyttarstafett. Her
vart dei ca. 30 påmeldte delt inn i tre lag, og både barn og vaksne
gjennomførte med sterkt engasjement og topp innsats.
Ski- og allidrettsgruppa vil takke alle som bidrog slik at arrangementet blei
gjennomført, og håper at ein kan få til fleire slike dagar i åra framover.
Sjå fleire bilete
her »

Svært god innsats i Kollen - Mari imponerte mest
Alle dei fire løparane frå Kvam, som i helga er med i Ungdommens
Holmenkollrenn, gjorde det svært godt i den krevjande 3,3 km lange World Cup
løypa i Holmekollen i dag. Rennet gjekk i klassisk stil.
Resultatlistene viser at det er svært jevnt i alle klassene. Det skil berre
nokre få sekund mellom dei fleste. Plasseringa seier difor mest om kven som
hadde den beste dagsformen og dei små marginane på si side.
Meir enn plasseringane, er det tidene og innsatsen som i slike renn viser
kven som er gode til å gå langrenn. Alle våre fire løparar kan vera svært
stolte av det dei har prestert i Kollen i dag!
Halvor var fyrstemann ut i løypene av våre, og gjekk eit svært godt løp. Han
kom i mål på tida 12.12.
Lars Eivind følgde opp med eit like godt løp. Etter ei lang sjukdomsperiode
var det imponerande å gå denne løypa på den sterke tida 11.46.
Pernille imponerer med sin fine klassiske teknikk. Også i dag gjekk ho eit
godt gjennomført løp. Ho kom inn på tida 12.30.
Mari var den av våre som fekk den beste plasseringa i dag. Med tida 11.29
plasserte ho seg høgt oppe på lista. Plass nr. 28 i dette rennet, som er
rekna som eit uoffisielt Norgesmesterskap for 13- og 14-årsklassene, er ein
prestasjon det er verdt å merke seg.
Søndag er det fristil som står på programmet. Vi gler oss til ein ny dag med
stor innsats og skiglede.
16.02.2008
Kvamsløperne har gjort store framskritt i skisporet det siste året. Det
viser dagens resultater fra Ungdommens Holmenkollrenn.
I
dag var det klassisk på programmet. Halvor Røssum og Pernille Hagen deltok
for første gang og fikk fine plasseringer i de store klassene.
Lars Eivind Jensvoll nærmet seg Andreas Molden fra Nes som vant både i fjor
og i år med flere sekunder.
Mari V Sigstad ble i dag nr 28 av 121 startende og var bare 48 sekunder bak
vinneren Ingrid G Holm fra Fossum. Samme jenta vant i fjor og da havnet Mari
2.08 bak på en 71. plass.
Vi ønsker løpere, trenere og smørere lykke til
med fristilsrennet i morgen.
Resultat frå Ungdommens Holmenkollrenn
Resultat laurdag

Steilsprinten GD-cup i
klassisk stil 23. februar
Hugs å melde døkk på seinast 20.02.08.
Påmelding
her »

Nybegynnerkurs/grunnkurs
i smøring i klubbhuset
tysdag 19. februar kl. 18.30.
Det berømte smøreteamet til Kvam IL held kurs for alle som ønskjer å
lære litt grunnleggjande om gliding og smøring.

Karusellrenn måndag 18.
februar - klassisk
For dei som ikkje går på tid, løparar til og med 7 års-klassen, kan
melde seg på fram til klokka 18.00.
For desse er det start kl 18.05 nede på fotballbana.
For alle løparar som skal gå på tid, er det påmelding fram til kl.
18.15.
Rennet går i klassisk stil med parstart og med 30 sekunder
startintervall.
13.02.2008
4 kvamsløparar til Ungdommens Holmenkollrenn 16.-17.februar.

Ungdommens Holmenkollrenn er rekna for å vera det uoffisielle NM for
13 og 14 åringane.
I år deltek Halvor Røssum, Lars Eivind Jensvoll (sjuk da biletet vart
tatt), Pernille Hagen og Mari
V. Sigstad frå Kvam.
Det startar med 3 km klassisk laurdag og held fram med 3 km friteknikk
søndag.
Det blir spanande å sjå korleis våre løparar hevdar seg i dette harde
selskapet.
Startlista finn du
her »
12.02.2008
Søndag 17. februar kl. 13 arrangerer ski - og allidettsgruppa i Kvam il en
aktivitets- og familiedag i Idrettsparken. Her vil det bli ulike aktiviteter
for både barn og vaksne i alle aldre!!
Les mer
her
»
10.02.2008
Knallføre og svært fine
løyper!

Denne helga har det vore to dagar med svært
flotte forhold for langrenn i løypene inne på Kvamskjølen.
Preparering av skiløyper kan ikkje gjerast betre enn det som har vore gjort
her denne helga.
Kvam idrettslag sender ein stor takk til Rondablikk Fjellsenter for dette.
Løypenettet i dette flotte turområdet er noko av det beste ein kan finne
nokon stad, og slike ”trikkespor” som nå er lagt, gjer ski-turen til ei stor
oppleving.
Sol frå skyfri himmel og eit par minusgrader gjorde også sitt til at dette
vart ei skihelg av dei sjeldne.
Det var mykje folk i løypene både laurdag og søndag, men det er plass til
fleire!
09.02.2008
Skitrening veke 7
Måndag 11. februar kl. 18.00 - klassisk skitrening i Kvam -
styrketrening inne etterpå.
Tysdag 12. februar - karusellrenn Harpefoss - skøyting - påmelding fram
til 18.15.
Onsdag 13. februar - kl. 18.00 - klassisk skitrening i Skåbu.
Da 13- og 14-åringane med foreldre/trenarar reiser til Holmenkollen
fredag morgon, er det ikkje sett opp fleire treningar denne veka.
Vi oppmodar dei andre til eigentrening.
Neste renn er klassisk GD-cup i Skåbu 23. februar.
Påmelding klikk
her »

To Kvamsløpere tok turen til
Madshussprinten på Biri i dag; Espen Sanden og Mari Vassdokken Sigstad.
Eit nydeleg ver og flotte sprintløyper la ei fin ramme rundt
arrangementet. Både Espen og Mari gjekk tre heat, og løparane fekk poeng
etter passering i mål. I gutar 11 år var det heile 33 deltakarar. Espen
var med i tetgruppa på alle heata, og fekk ein 2. og 3. plass, og til
slutt ein suveren siger i det tredje heatet. Etter litt ”stang ut” på
det andre heatet, heldt poengsummen akkurat ikkje til å kome til
superfinale, men samanlagt fekk Espen ein flott 8. plass! I Mari si
klasse var det berre fire jenter, så der var alle garantert finale! Mari
gjekk godt, og vart klar nummer to i alle heata. Mari hang bra på
konkurrenten Lena Janson frå Ringebu, men ho vart litt for sterk i dag.
Nummer to vart plasseringa også til slutt, og Mari er med blant dei
beste! Ein flott dag med sol og varmegrader, der både Espen og Mari var
svært nøgde med dagens resultat!
Resultatliste klikk
her »

Gunhild og John Petter Teigen med fin
innsats i Holmenkollen Skimaraton.
Gunhild gikk av med seieren i familien med tida 4.13.15.
John Petter fekk tida 4.34.09.
Gratulerer med gjennomføringen!
Resultatliste klikk
her »
05.02.2008
Påmelding Øyersprinten 10.februar - sprint fristil - seinast 05.02.08
Klikk
her »
04.02.2008
Fronstrening i Tormod tysdag 5. februar kl. 18.00
Klassisk, roleg trening med litt fart.

89 stilte til start på kveldens karusellrenn. I kveld stilte det
også løpere fra Tormod skilag, Harpefoss idrettslag og Sør-Fron
idrettslag.

Sverre og Violeta i aksjon under dagens karusellrenn
Resultatliste finn du
her »
03.02.2008
Rudsbygdrennet 02.02.08 – GD-cup i fri stil
I gårdagens GD-cup renn i Rudsbygd oppnådde fleire av dei 10
kvamsløparane årsbeste. Løypa denne gongen var noko lettare og raskare
enn i tidlegare renn i vinter, derfor var marginane særs små i mange
klasser.
Simen i G8 gjekk sitt andre renn i fri stil og allereie nå har
han stor framgang. Han fekk tida 6.01.
Endre i G9 er ein erfaren og god fri stil løpar og gjekk inn til
den gode tida 4.02.
I G11 stilte totalt 37 løparar til start. Både Hans Kristian,
Espen og Torstein gjekk svært gode løp, og marginane framover
minkar for kvart renn. Hans Kristian vart nr. 7 på tida 7.35, Espen nr.
10 på tida 7.48 og Torstein nr. 20 med tida 8.23. Årsbeste av alle tre,
og det er ikkje mange sekund fram til pallen……!
Martine i J11 gjekk og opp mot årsbeste på tida 9.08 og ein fin
10. plass.
I G13 gjekk og Halvor inn til årsbeste for sesongen, tida 10.18
gav 13. plass.
Lars Eivind i G14 likar seg best i tyngre løyper. Han fekk tida
9.52 og 15. plass.
I J14 gjekk Mari og i dag eit godt fri stil renn og fekk tida
9.41 og ein 4. plass. Årsbeste også for ho. Pernille som var sjuk
førre helg, har ikkje heilt funne attende til den forma ho var i. Med
tida 11.30 gjekk ho inn til 12. plass.
Det blir spanande å følgje alle desse løparane vidare framover i
sesongen og sjå om framgangen held fram.

Status GD-cupen etter 3 renn
Klikk
her »
02.02.2008
Resultat frå Rudsbygdrennet.
Klikk
her »

Karusellrenn måndag 4. februar.
Det blir nytt karusellrenn måndag 4. februar. Løparar frå
Fronssamarbeidet er også inviterte til å delta på dette rennet.
For dei som ikkje går på tid, løparar til og med 7 års-klassen, kan
melde seg på fram til klokka 18.00. For desse er det start kl 18.05 nede
på fotballbana.
For alle løparar som skal gå på tid, er det påmelding fram til kl.
18.15.
Rennet går i klassisk stil med parstart og med 30 sekunder
startintervall.
Det blir eit lite smørekurs i forbindelse
med karusellrennet frå 18.30 og utover.
Om det er interesse for det, kan det bli meir etter rennet.
01.02.2008
Det er 13 påmeldte til Rudsbygdrennet laurdag 02.02.08, GD-cup i fri
stil.
Startlista finn du
her »
31.01.2008
T1 kurs langrenn på Vinstra 16. OG 17. februar
Oppland Skikrets arrangerer Trener 1 kurs Langrenn på Vinstra,
laurdag 16. og søndag 17. februar 2008.
Dette er et ypperleg kurs for foreldre og andre ski-interesserte til å
lære meir om trening og til å få tips om øvingar som kan brukast sammen
med barn/unge.
Skileik er fin trening!
Påmeldingsfrist 12. februar 2008.
Ta kontakt med Torunn for informasjon og påmelding.
Meir info om kurset finn du
her »

KM Trabelia 26. og 27. januar
Ny deltakar-rekord frå Kvam på
laurdagens renn på Trabelia Ringebu
og god innsats av våre løparar både laurdag og søndag.
|
 |
|
Kvamsløparane samla før start laurdag
|
Gledeleg at det var 17 påmeldte frå Kvam.
Dette og god innsats av samlege gjorde at det vart ei fin feiring og god
stemning i Klubbhuset laurdagskvelden.
Ca. 30 frammøtte kosa seg med gryterett og kake, og såg på video frå
dagens renn.
Vi fekk sjå mykje tæl og vilje, og ikkje minst alle var blide og
fornøgde og såg ut til å trivast i dei harde løypene på Trabelia.
Laurdag var det fri stil med parstart som sto på programmet.
Fyrst ut av våre var Jonas Selfors Lund og Endre Sanden i
G9. Dei gjekk båe gode løp og Jonas fekk tida 3.56 og Endre 3.49 på sin
1 km.
Neste ut var G8, her hadde Kvam 3 startande, Simen Blankenborg Berge,
Eirik Selfors Lunde og Sigurd H. Rudland. Dei kasta seg
uredde ut på sin 1 km i fri stil og sto løpet godt ut, til tross for at
det var fyrste rennet i denne teknikken for alle 3. Simen fekk tida
5.35, Eirik 4.54 og Sigurd 5.17.
Fyrste kvamsjente ut var Ingrid Rudi Teige i J8. Dette var og
fyrste rennet for Ingrid i fri stil og ho syns godt det kunne vore
spor…., men Ingrid gjennomførte fint også utan spor og fekk tida 7.10.
Sander T. Røssummoen i G10 hadde skøyta før, det var godt å sjå.
Han gjekk 1,5 km og skøyta fint inn til tida 8.05.
Ola Esten Røssum i G15 var fyrst ut av våre løparar som skulle
rangerast. 5 km i knalleharde i løyper, var det som venta Ola. Med tida
17.26 gjekk Ola inn til ein 22. plass og var ikkje særleg fornøgd med
det.
G11 gjekk 2 km og der stilte Espen Sanden, Hans Kristian H.
Rudland, Johannes Haugen og Torstein Hagen. Dette var
ei av klassane med størst deltaking, og med par-start vart det ekstra
mange harde duellar. Alle desse 4 tek ut alt når dei har startnummer på
brystet og det får dei igjen for i form av gode tider. Hans Kristian
9.28 og 9. plass, Espen 9.45 og 14. plass, Torstein 10.16 og 20. plass
og Johannes 13.02 og 33. plass. Godt jobba!
Martine Rudi Teige i J 11, har også same konkurranseinstinkt som
gutta i klassen. Når ho får startnummer på brystet gjev ho alt. Med tida
11.17 på sin 2 km, gjekk ho inn til ein fin 9. plass.
For dei frå J/G 13 år og oppover var det KM både laurdag og søndag.
i G1Lars Eivind Jensvoll4 er og ein som alltid gjev alt, og alltid
ein humør spreiar og like blid.
Lars Eivind fekk tida 11.44 og ein 23. plass på sin 3 km.
Halvor Røssum var dagens mest uheldige frå Kvam. Han fekk
mageproblem rett før han skulle starte og måtte kaste inn handkle.
Heldigvis vart ikkje dette langvarig og Halvor stilte like frisk og blid
på kveldens KM-treff.
Sist ut av våre var Mari Vassdokken Sigstad i J14. Mari gjekk
igjen eit sterkt løp og fekk ein fin 6. plass med tida 11.03, berre 24
sekund bak 2. plassen. På ein god dag kan det bli pallplass.
Pernille Hagen var sjuk og stilte ikkje til start korkje laurdag
eller søndag.
Vi stilte like blide og kanskje med enda større forhåpningar opp igjen
til søndagens klassiske renn.
Halvor var fyrst ut, frisk og klar til å ta ut ubrukte krefter
frå i går. Halvor gjekk eit veldig godt gjennomført klassisk renn og
fekk tida 13.16 på sine 3 km og ein fin 17. plass i den store klassa.
Lars Eivind og Mari gjekk 4 km på sitt klassiske løp.
Dette var ei veldig hard og tøff løype, men det likar Lars Eivind og
gjekk eit godt gjennomført løp. Han fekk tida 15.53 og 21. plass. Mari
sleit noko meir enn dagen før, men fekk likevel tida 15.44 og ein fin 8.
plass. Også i dag var marginane framover små.
Ola Esten var ekstra revansjelysten i dag. 5 km med harde
klassiske løyper var ikkje problem for Ola i dag. Med tida 17.08 gjekk
han inn til ein fin 11. plass, og tida framover til dei beste var
betydeleg redusert frå dagen før.
Stor deltaking, god innsats og totalt sett stor framgang frå fjoråret
var konklusjon etter helgas renn.
Ringebu-Fåvang skiklubb gjennomførte som vanleg eit glimrande
arrangement – gratulerer!
|
 |
|
Km-treff i klubbhuset
|
29.01.2008
NB! Sjå
Fron ski for trening veke 5.
27.01.2008
Rudsbygdrennet GD-cup laurdag 2. februar
Påmelding seinast tysdag 29. januar online
her »

Skitrening måndag 28. januar kl. 18.00
Skøyting i lysløypa - styrketrening inne etterpå.

Resultat KM søndag finn du
her »
26.01.2008
Resultat frå rennet laurdag i Trabelia finn du
her »
24.01.2008
Ny deltakar-rekord frå Kvam på laurdagens renn på Trabelia Ringebu
Heile 17 påmeldte - HURRA - Det blir heilt sikkert noko å feire på
kveldens KM-treff i klubbhuset!
Vi håper mange møter opp – det blir servert gryterett med tilbehør og kake,
og vi ser på film og bilete frå dagens renn.
Du kan lese alt om helgas KM
her »
Resultata blir og lagt ut her - følg med, dette blir spanande, - og slik
gjekk det på fjorårets KM.
|
 |
|
Ola Esten Røssum viser stolt fram
sin bronsemedalje etter fjorårets KM |

Søndag 17. februar kl. 13 arrangerer ski - og allidettsgruppa i Kvam il en aktivitets- og familiedag i
Idrettsparken. Her vil det bli ulike aktiviteter for både barn og
vaksne i alle aldre!!
Så sett av dagen allerede nå. Mer informasjon vil komme.
Lørdag 2. februar kl. 14. har vi i arrangørgruppene et
planleggingsmøte i klubbhuset, så er det noen som vil delta eller
har gode ideer er de velkommen!
Vi er avhengig av hjelp fra voksne til de ulike aktivitetene, så har
du anledning og lyst, meld deg gjerne til tjeneste:
Anja Solberg, tlf 91805553 eller Arne Harald Morstøl, tlf 90639038
22.01.2008
Obs! Rennstart i Trabelia laurdag, er flytt til kl. 11.00
Her er mailen sendt frå Ringebu - Fåvang skiklubb.
Vi gjør oppmerksom på at rennstart lørdag
er flyttet til kl. 11. Det betyr at rennet starter kl. 11 begge
KM-dagene.
Denne e-posten er sendt til adresser som er oppgitt i
forbindelse med online påmelding. Vær vennlig å gjøre
starttidspunktet kjent blant klubbens deltakere. Vi håper å
kunne legge ut startlistene sent onsdag kveld. Følg med på
rfski.com
Velkommen til Trabelia!
For Ringebu – Fåvang skiklubb
Jostein Hernæs
21.01.2008
KM-treff i Klubbhuset laurdag 26. januar kl. 18.00.
Komande helg er det KM for J/G 13 år og eldre på Trabelia i
Ringebu.
Fri stil laurdag og klassisk søndag.
Dei som går i J/G 12 år og yngre går sonerenn i fri stil laurdag.
Dei aktive forbitt ofte KM med sosialt samvær om kveldane og
overnatting.
Da vi i år går glipp av dette pga av kort avstand til Ringebu,
vil vi ha ei samling i klubbhuset laurdag kveld frå 18.00 og utover.
Alle løparar med familie er velkomne.
Det blir servert mat & drikke, og sjølvsagt kake da vi heilt sikkert
har noko å feire......
Her kan vi slappe av og oppsummere dagens løp og lade opp til
søndagens renn.
Det blir og moglegheit for skismørjing.
Kanskje blir det og film - og biletframsyning frå dagens renn.
Vel møtt!

Det var stor deltagelse også i kveldens karusellren. 86 stilte
til start.
Oversikt over deltagere og resultater finner du
her »

Det blir ikkje skitrening inne på Bygdahuset i kveld.
Frank

Folleburennet 19.januar -08.
8
løparar frå Kvam stilte til start i Folleburennet laurdag.
Rennet gjekk i klassisk stil i krevjande løyper. Her fekk løparane
testa både kondisjon og teknikken både oppover og nedover.
Smøreteamet hadde og utfordringar i dag, med ”nullføre”.
Dei måtte jobbe hardt for å finne løysninga, og enda opp med ein
kombinasjon av klister og tørrvoks.
Desse ”gutta” likar utfordringar, og resultatet vart nesten
godkjent….
Også i dag hadde vi ein debutant på startstreken, Ingrid Rudi
Teige stilte til start i J8 til tross for at ho er eit år yngre.
Det skremde ikkje Ingrid og ho gav alt på sin 1 km og gjekk inn på
den imponerande tida 5.37.
Vi hadde også to gutar på startstreken i G8, Simen B. Berge
og Sigurd H. Rudland.
Også desse gutane kasta seg uredde ut i dei harde løypene. Simen
fekk tida 5.12 og Sigurd 5.00.
Alle desse tre er løparane er debutantar denne sesongen og vi
følgjer spent med dei framover.
I G11 stilte Johannes, Espen og Hans Kristian
til start. Innsatsen var på topp som vanleg.
I mål var det Hans Kristian som oppnådde beste plassering av desse i
dag.
Han fekk tida 8.56 og 7.plass, Espen 9.46 og 14.plass og Johannes
11.43 og 20.plass.
Gode prestasjonar av alle 3.
Martine Rudi Teige i J11 viste og i dag same gode
formstigning som i Tormodsprinten førre helg.
3.plass i dag med tida 10.38 er godt jobba i desse harde løypane.
Avstanden framover er ikkje avskrekkande.
Mari V. Sigstad i J14 gjekk og i dag eit bra gjennomført renn
og enda på 3.plass med tida 11.39.
Resultat 8-10 år.
Resultat 11-16 år.
20.01.2008
I morgen er det nytt karusellrenn
I den anledningen retter vi står takk til Bjarne Weikle som lånte oss sin
scooter etter at vi fikk problemer med vår egen i går.
Dermed skal lysløypa være klar til renn.
Dette rennet går i fri stil, det vil si at det er lov å skøyte.
Påmelding fram til kl. 18.00.
Rennet startar kl. 18.00
Møt opp!

Påmelding
til Trabelia 26. og 27. januar seinast tysdag 22. januar
Påmelding online klikk
her »
Lørdag 26. januar
- skøyting for alle frå 8 år og oppover.
Søndag 27. januar - klassisk frå 13 år og oppover.
Båe dagane er det KM for dei som går i G/J 13 år og oppover.

NB!
Sjå Fron ski for treningsdagar veke 4
18.01.2008
Folleburennet
Startliste for Folleburennet finn du
her »
Resultat GD-cupen hittil
(2 renn) finn du
her »
14.01.2008
Det var stor deltagelse på årets første karusellrenn. Det var alt i
alt 97 startende som alle gjorde en formidabel innsats ute i løypa.
Oversikt over deltagere og resultater
finner du
her»
Neste karusellrenn blir førstkommende
mandag 21.01.08, til samme tid. Møt opp slik at vi blir over 100 da.
NB! Neste karusellrenn er i fri
teknikk. Det betyr at da er det lov å skøyte.
13.01.2008
Folleburennet lørdag 19.januar -08.
Rennet går i klassisk stil med intervallstart.
Påmelding seinast onsdag 16.01.08 til Torunn eller online
her »

Resultat frå dagens Tormodsprint finn du
her »
Simen Berge vart TV-kjendis alt i sitt første renn.
Klikk
her »
|
 |
 |
|
Simen, Sigurd og Eirik
syntest det var morosamt med sprint |
Martine var
kjempefornøgd med ein fin femteplass på Tormod-sprinten |
12.01.2008
Det er påmeldt 16 løparar frå
Kvam til Tormodsprinten søndag.
Startlista vil bli lagt ut
her »
11.01.2008

På Vertshuset Sinclair hadde vår nye skihelt Odd-Bjørn Hjelmeset et
humørfylt og interessant foredrag for omlag 50 frammøtte fra
idrettsmiljøet i Kvam og Fronsbygdene ellers.
Odd-Bjørn har nettopp avsluttet Tour de Ski hvor han totalt ble nr
22. Han åpnet med en 3. plass i prologen. Høydepunktet var seieren
på den klassike fellesstarten over 20 km i Val di Fiemme.
Under Idrettsgallaen (som ble avviklet samtidig med Tour de Ski)
fikk han folkets pris som «Årets navn». Dette er jeg sikker på at
alle frammøtte i kveld støttet fullt ut.
Av meritter ellers så rager VM-gull på 50 km fra Sapporo i 2007 og
ikke minst seieren på den klassiske femmila i Holmenkollen to uker
senere høyest.
Vi merket oss spesielt at Odd-Bjørn alltid har lagt vekt på
allsidighet og humør i treningsarbeidet. Han var aldri blant de
aller beste som ung løper, men hadde det alltid gøy. Han trente
variert og deltok i mange idretter som sykling, friidrett, håndball
og fotball ved siden av skigåing. I stedet for å gå runde på runde i
løyper brukte han mye tid i barndommen på å hoppe, for så å løpe på
ski i full fart til toppen igjen. Nytt hopp og full fart opp igjen.
Glimrende intervalltrening som i tillegg var morsom.
Vi fikk servert mange historier, både verbalt og ved hjelp av
videosnutter som fikk tilhørerne til å le godt.
Kvam IL takker Odd-Bjørn for at han tok turen oppover, det ga oss
veldig mye inspirasjon i det videre arbeidet. Vi takker også
Granitt og Betongvare
AS v/Ove Stian Lund som hadde regien for opplegget.
10.01.2008
Alle frå idrettslaget som skal delta på Tormodsprinten søndag 13.01
Vi samlast i smørbeua til Ole Kristian på Rudland
etter seminaret med Odd-Bjørn Hjelmeset, ca. kl 20.00. Her klargjer
vi skiene til søndag.
Inngang ved rampa på baksida.

Aktivitetplan for ski vinteren 2008
Fyrste karusellrenn måndag 14. januar, gratis påmelding fram til
18.00.
Kuldegrense -12° på alle renna.
Vi i skigruppa ser fram til ein ny sesong med stor aktivitet.
Håper både små og store møter med ski på beina og deltek med eller
utan tidtaking.
Vel møtt!
07.01.2008
Måndag 7. januar kl. 18.00 - klassisk trening i lysløypa -
styrketrening i Bygdahuset etterpå.
Tysdag 8. januar kl. 18.00 - klassisk lysløyperenn på
Harpefoss, påmelding fram til 18.15.
- for dei som ikkje vil gå lysløyperenn, blir det klassisk
sprinttrening på Vestsidebana kl. 18.00 - ta med hodelykt.
Torsdag 10. januar kl. 18.00 - klassisk sprinttrening
Vestsidebana.
Oppfordrar alle til å trene i sprinttrasèen på Vestsidebana denne
veka.
Spor blir lagt tysdag. Lurt å ta med lykt.
06.01.2008 Tormodsprinten
GD-cup søndag 13. januar 2008
Påmelding seinast torsdag 10. januar til Torunn eller online
her »
Les alt om Tormodsprinten
her
»

Gode prestasjonar av våre 11
løparar på Birkebeiner skistadion i går
Vår debutant i dag var Sigurd H. Rudland i G8 skøytet i
fin stil og fekk tida 9.07.
Endre Sanden gav dei 29 andre i si klasse G9 hard konkurranse og
gjekk inn på 6.40.
Topp innsats av våre to yngste løparar i skiskyttarane sine harde OL
løyper.
I J11 gjekk Martine Rudi Teige også i dag eit godt løp og gjekk inn
til ein fin 15.plass av 25 startande. Ho fekk tida 10.12.
Som alltid er det topp innsats og mykje tæl og vilje når våre 3
løparar i G11 står på startstreken. Desse gutane visar ski glede og
ein innsats som lovar godt for framtida.
49 stk sto på startstreken i denne klassa. Hans Kristian Rudland
vart nr. 10 med tida 8.40, Espen Sanden nr. 19 med tida 9.06
og Torstein Hagen nr. 27 med tida 9.36.
Det er veldig tett i denne klassa og få sekund utgjer mange plassar.
Dagens jubilant Halvor Røssum 13 år i dag gav seg sjølv ein
fin gebursdagpresang ved å gå eit strålande løp på tida 10.41 og ein
24.plass av 46 startande. Gratulerer med dagen!
Lars Eivind Jensvoll i G14 fortsett framgangen frå før jul og
reduserar forspranget til dei framfor seg. Han gjekk inn på tida
10.24 og ein 22.plass.
I J14 gjekk Mari V. Sigstad inn til dagens beste Kvams
plassering. 5 plass av 21 startande, på tida 10.06. Pernille
Hagen følgde og opp med eit godt fri stil renn og vart nr. 17
med tida 11.46.
Sist ut av våre var Ola Esten Røssum i G15. Til tross for
langt sjukdomsfråvær gjekk inn til ein god 19.plass på tida 15.58 på
5km.
God innsats og framgang lover godt for kvamsløparane denne sesongen.
Aldri før har så mange av våre løparar vore så god form tidleg i
sesongen.
Rennet var det fyrste av 6 renn i GD-cupen for 11 – 14 åringar.
Mange løparar frå utanfor ”GD-cup distriktet” deltok, noko som gjer
at fleire av løparane får betre GD-cup plassering enn dagen
resultatliste seier.
Neste GD-cup renn er Tormodsprinten søndag 13.januar. Rennet går på
Vestsida-bana ved Peer Gynt senteret, da dette sprint med innleiande
heat og finale. Dette blir publikumsvennleg, så vi oppfordrar alle
til å møte opp og heie fram våre løparar.
Fullstendig resultatliste frå rennet finn de
her »
05.01.2008
Fronstrening søndag 06.01 kl. 11 på Harpefoss
Klassisk langtur.
Det er spådd uvêr på Gålå i morgon. Derfor blir lysløypa på
Harpefoss kjørt opp. Det blir da høve til å ta ein langtur her for
dei som vil.
04.01.2008
A. Rustadstuens minneløp 5. januar med 11 kvamværer påmeldt.
Løpet går i fristil på Birkebeineren skistadion.
For dei frå 11 - 14 år inngår dette rennet i GD-cupen.
Startliste og anna informasjon finn døkk
her »
02.01.2008
Treningsseminar med Odd-Bjørn Hjelmeset
Odd-Bjørn Hjelmeset har igjen meldt sin ankomst
- direkte fra "Tour de Ski" til Kvam - fredag 11.januar kl. 18.00 på
Vertshuset Sinclair.
Sjå invitasjon
her » |