27.12.2007
Godt gjennomført av Mari på Gåsburennet.
Mari vart nr. 6 av 14 startande i J14, 58 sek bak sigeren.
Sigurd Kjorstad frå Harpefoss, som var den andre frå Fronssamarbeidet som
deltok, gjekk inn til ein svært strek 2. plass, berre 2 sek frå seier.
Resultatlista frå rennet syner at nivået i Gudbrandsdalen og Lillehammer er
høgt.
Det er mange frå dette området som hevdar seg veldig godt i konkurranse med
løparar frå heile Østlandet.
Resultatlista
her »
26.12.2007
Hans Kristian og Mari tester klassisk formen 27.des. i Gåsburennet ved
Hamar
Startlista er lagt ut
her »
23.12.2007
Klassisk testrenn 23.12.07
Testrenn på Gålå i strålande vær, fine forhold og gode resultat.
Tidene ser de
her »
19.12.2007
Korrigert opplegg ut 2007
Torsdag 20.12.07 kl. 18.30 - skøyting - lysløypa på Gålå - avreise
idrettsanlegget 17.45.
Søndag 23.12.07 kl. 11.00 - klassisk testløp - lysløypa på Gålå.
Søndag 30.12.07 kl. 11.00 Skåbu - skøyting testløp og teknikk trening -
kanskje blir det filming og etterpå mat & drikke & sosialt samvær på kafè'n,
Dersom vi får filma ser vi på det. Pris pr. person mat & drikke ca. 60 kr.
17.12.2007
Skiavslutning til jul for dei små i klubbhuset i kveld kl. 18.00
For dei største er skitreninga i kveld
avlyst.
15.12.2007
I jula vil det bli ein treningsdag med Fronssamarbeidet
- nærmare opplysningar om dette kjem seinare.
Bruk jula til eigentrening også gå mest mogleg på ski.
Skigruppa ynskjer alle ei riktig God Jul.
Fronstrening på Gålå torsdag 20.12.07 kl. 18.00 - klassisk, testløp.
Fronstrening lysløypa i Tormod tysdag 18.12.07 kl. 17.45 - klassisk.
Innetrening i Barhaug etterpå.
Trening Kvam måndag 17.12.07 kl. 18.00 i lysløypa - skøyting.
Ingen innetrening pga av juletrefest i bygdahuset dagen etter.
Fronstrening 16.12.07 kl. 11.00 på Gålå - klassisk.
Oppmøte på parkeringa over vegen for Røde Kors hytta.
Heidalsrennet i dag er avlyst pga kulde.
14.12.2007
Heidalsrennet 15.12.07
Det blir avgjort kl. 09.00 om rennet går. Rennstart er kl. 11.30.
Dette blir lagt ut på
http://www.heidalil.no/, der ligg og startlista.
Kl. 20.00 i kveld er det - 20°c på Rindvang.
13.12.2007
Skitreninga i kveld blir i lysløypa på Gålå kl. 18.30 - skøyting.
Temperaturen kl. 15.00 er -7°C
11.12.2007
Fronsstrening torsdag 13.12.2007
Skøytetrening på Harpefoss kl. 18.00.
Start gjerne med oppvarming før dette med å gå roleg på ski.

Fronsstrening tysdag 11.12.2007
Klassisk skitrening i Tormod frå kl. 17.45 - start oppvarminga på
eigenhand med å gå roleg på ski.
Organisert trening frå ca. 18.00 - ca. 19.15.
Ingen innetrening i pga av juletrefest i Barhaug.

Alle bør prøve å få gått mest mogleg på ski
også utanom organiserte treningar.
Tenk teknikk!
Dei frå 12 år og oppover bør ta ein ROLEG langtur i løpet av helga, 1 - 2
timar avhengig av alder.
10.12.2007
Sjå bilete frå skitreninga for dei yngste måndag 10.07.
Klikk
her »
09.12.2007
Astridbekkrennet 9. desember

Hans Kristian var einaste deltakar frå Kvam og gjorde eit godt renn
på sine 2 km i fristil.
Resultatlista:
http://www.vestringen.com/RESULT_2_071209.HTM
03.12.2007
Fronsstrening 04. desember
kl.18.00
Lysløypa i Tormod - møt opp i god tid,
ferdig til å starte og trene kl. 18. presis.
I utgangspunktet klassisk trening, men ta
gjerne med skøyteski også i tilfelle det er problematisk føre.
Innetrening etterpå som vanleg.

Astrisbekkrennet søndag 9.desember
Rennet går i fri stil.
Påmelding innen 4.desember til Torunn eller meld deg på
her »
02.12.2007
God start på skisesongen!
|
 |
 |
 |
|
Mari, Martine og Pernille var våre jenter i dag.
Svært god innsats av alle tre! |
Kvam IL stilte med 10 løparar på Dombåsrennet
laurdag 1. desember.
I eit skikkeleg vintervér, gjorde alle 10 det godt i det fyrste skirennet
denne sesongen.
Det er tydeleg å sjå, både på innsats og resultat, at dei mange timane med
trening gjennom sommaren og hausten har gitt framgang.
Rennet gjekk i fristil, og resultata viser at løparane våre nå er fullt på
høgde med dei andre også i denne stilarten.
Mari Vassdokken Sigstad stod for det beste resultatet av kvamværane. I
klassa J13 skøyta Mari seg fram til ein svært sterk 3.plass. Pernille Hagen
gjekk også godt, i sitt fyrste fristil-renn, og kom inn på ein god 9. plass.
I G9 gjekk Endre Sanden godt og fekk ei tid som var mellom dei aller beste i
den klassa.
I J11 gjekk Martine Rudi Teige inn til ein fin 6. plass.
I G11 stilte det 3 gutar frå Kvam. Hans Kristian Rudland kom inn på ein
svært god 4. plass, Espen Sanden vart nr. 10, og Torstein Hagen vart nr. 12.
I denne klassa stilte det heile 21 gutar til start, så her gjorde Kvam ein
svært god laginnsats. Her har vi eit svært godt stafett-lag!
I klassa G13 følgde Halvor Røssum opp med å gå inn til ein god 9. plass på
sin 3-kilometer.
Også Lars Eivind Jensvoll gjekk eit godt løp på sin 3-kilometer, og kom inn
til ein god 12. plass i klassa G13.
Ola Esten Røssum gjekk 5 kilometer på tida 17.03, og kom med det inn til ein
fin 6. plass i si klasse, G-15
Fullstendige resultatlister er lagt ut på langrenn.com:
http://www.langrenn.com/dombaasrennet-2007.3127168-91233.html
29.11.2007
Sesongstart langrenn - Dombåsrennet lørdag 1.desember.
Kvam har 10 påmeldte på sesongens første renn som går i fristil.
Startlista her:
http://www.dombaas-il.no/
27.11.2007
Skitrening torsdag 29. november
Skøytetrening på Gålå kl. 18.00 ved alpinanlegget.
24.11.2007
Topp forhold på Gålå
Det er nå toppforhold for både klassisk og skøyting fra Lauvåsen til
Årstulen.
Bra skøyteforhold også på Baukholstulvegen.
Løypetrasèen som skal brukes i Bulsprinten er og på det nærmeste i
orden.

Fronstrening tysdag 27. november.
Skøytetrening på Vestsidabanen 18.00 - 19.00.
Innetrening på Barhaug etterpå.
23.11.2007
Fronstrening søndag 25. november kl. 11.00 på Gålå
Klassisk skitrening - oppmøte parkeringsplassen ved skianlegget (
Peer Gynt kafèen).
Ta gjerne også med skøyteski for individuell trening etterpå -
kjempefine forhold for skøyting.
20.11.2007
Smøreboden klar til bruk
Som i fjor er det smørebod i gjeste garderoben i klubbhuset.
Smørebukken og smørejernet er nå på plass.
Alle må ha med glider og smøring til eige bruk.
Nøkkelen kan hentas på Kiwi som i fjor.
Vi håpar på snø i nærmaste framtid og ønskjer alle ein fin skisesong med
god glid.

Fine
skiforhold på Dombås
Båe dei to siste søndagane har Fronssamarbeidet reist til Dombås for å
få gått på ski.
Mange av Kvamsløparane har delteke og har vore storfornøgde over å
endeleg kome på snø.
Sesongens fyrste renn arrangerast også i desse løypane 1.desember.
Rennet går i fristil og er for alle frå 7 år (født i 2001) og oppover.
Påmelding til Torunn, seinast 27.november
15.11.2007
Fronstrening søndag 18.11.07 på Dombås
Klassisk skitrening på Dombås kl. 11.00
Felles avreise frå idrettsanlegget kl. 09.30.
Ta med mat.
14.11.2007
Vellykka Fronssamling på Gålå/Dombås
10.
og 11. november hadde Fronssamarbeidet samling på Gålå. Totalt 19
løparar og 14 trenarar/foreldre var med på samlinga ein og/eller båe
dagane. Kvam stilte med 5 løparar laurdag og 7 søndag og var den klubben
som hadde flest løparar.
Kven kunne tru det for 2-3 år sidan…..?
Laurdag var det intervall økt før lunsj og ei rolegare restitusjonsøkt
etter lunsj. Dagen vart avslutta med middag og sosialt samvær på Rønn
sæter.
Kjempe triveleg og viktig og få samla alle.
Både utøvarar og trenarar/foreldre vart betre kjent og la på den måten
grunnlaget for vidare samarbeid og utveksling av erfaringar.
Da samlinga vart planlagd hadde vi forhåpningar om skiføre på Gålå denne
helga, men slik vart det ikkje. Søndag morgon reiste derfor heile
gjengen til Dombås for å gå på ski. Det vart gjennomført to økter også
denne dagen og alle var glade for endeleg å få prøvd skia.
Trenararane Hanne Bjercke, Jo Kjorstad, Åge Rusten og Pål Thore
Aasmundstad gjorde at dette vart ei vellykka samling, der alle vart lagt
merke til og fekk god oppfølging.
09.11.2007
Terminliste for langrenn vinteren 2007/08
Oversikt over aktuelle skirenn vinteren 2007/08.
Terminliste GD-området klikk
her »
Terminliste alle renn klikk
her »
Aktuell informasjon vil bli lagt ut på kvamil.no gjennom heile vinteren.
Påmelding alle renn minimum 1 veke før til:
Kvam IL
Torunn Sigstad
Tlf. 99 64 26 54 / 61 29 44 92
e-post: torusig@online.no

Treningsseminaret med Odd-Bjørn Hjelmeset 10. november, er avlyst
inntil vidare.
Vi håpar å få sett det opp på nytt ved fyrste anledning Odd-Bjørn dukker
opp på Gålå.
05.11.2007
Mijløsamling Fagerhøi 24. - 25. november.
Skigruppa oppmodar alle små og store skiinteresserte kvamværar til å
vere med på samling på Fagerhøi.
Her er det mykje å lære både på ski og sosialt.
Påmelding direkte til Sør-Fron eller til Torunn innan 17. november.
Sjå invitasjon
her »
04.11.2007
Fronstrening tysdag 6.november
Oppmøte i lysløypa til Tormod kl. 18.00 - presis.
Ta med korte staver.
Styrke/kondis inne på Barhaug frå ca. kl. 19.00.
30.10.2007
Fronssamling på Gålå 10. - 11. november
Opprinneleg skulle dette vere ei helg på ski,
men da snøen lar vente på seg blir det barmarkssamling.
Dette blir likevel ei samling med variert opplegg som alle vi ha god
nytte av å vere med på.
Alder: født 1997 og eldre, foreldre er velkome til å vere med.
Pris ca kr. 350,-
Påmelding til Torunn seinast 04.11.07.
Program
her »
29.10.2007
Klubb dressar
Kvam IL ved skigruppa vil nå ta opp bestilling på overtrekksdressar.
Dressane er spesiallaget i våre farger, og har god passform og stor
brukarvennlegheit.
Dressane er vind- og vassavvisande med gode pusteeigenskapar.
Det tas opp bestilling pr. del, slik at det er mogleg å bestille delar
kvar for seg og forskjellig størrelse på all delane dersom det er
ønskjeleg.
Det vil vere mogleg å prøve ved å møte opp på Bygdahuset når det er
skitrening måndagar fra 19.00 - 20.15.
Størrelsar: 130, 140, XXS, XS, S, M, L, XL, XXL.
Ta kontakt med Torunn Sigstad for bestilling eller spørsmål, tlf. 99 64
26 54.
Du kan studere dressen og vesten
her
»
Pris pr. del dersom vi bestillar over 20 stk.:
Jakke kr 805,-
Bukse kr 575,-
Vest kr 595,-
Kjem det bestilling på fleire enn 50 dressar vil prisen gå ytterlegare
ned.
Alle produkta er nettfora utanom vesten som er fleeceforet.
27.10.2007
Fronstrening søndag 28.oktober kl. 11.00
Oppmøte Barhaug skole (ikkje Gålå) kl. 11.00.
Ta med staver.
Vel møtt!
25.10.2007
Smørekurs med Åge Rusten onsdag 31.oktober kl. 18.00 på klubbhuset
Vi satsar på ytterlegare framgang frå forrige sesong og arrangerer
derfor nytt smørekurs.
Åge har lang erfaring og er smører for Ellen Sandbakken.
Mange nyttige tips å hente for å få ein enda finare skitur til vinteren.
Vel møtt!
17.10.2007
Kjempegode testløp av Kvamsløparane
På Fronstreninga søndag 14. oktober vart det gjennomført nytt testløp
for å sjå om det var framgang frå 19. august .
Alle startande gjennomførte gode løp og alle som og var med 19. august
hadde stor framgang.
Godt jobba – hald fram slik, vinteren er like om hjørnet.
Vidare opplegg for Fronssamarbeidet i haust/vinter vart lagt fram -
Klikk
her »
I tillegg til testløpet prata ex-kvamvær og fysioterapeut Sverre Sætre
om skader og skadeførebygging.
Interessant og viktig tema for både utøvarar, foreldre, trenarar og
leiarar.
Stikkord frå det han sa:
- Viktig å vere allsidig – einsidig
trening fremmar overbelastning og stagnasjon
- Allsidigheit gjev også betre teknikk
og god teknikk i seg sjølv er skadeførebyggjande
- Viktig med stor fokus på teknikk og
bevegelse/smidigheit
Mykje og riktig tøying gjev god bevegelse/smidigheit – og det gjer
at ein lettare lærar god teknikk
- Alltid god oppvarming og alltid
tøying etter oppvarming, alltid jogge ned og tøye etter trening og
konkurransar
- Oftare skadar når ein veks mykje –
derfor viktig med individuelt tilpassa opplegg også innafor same
aldersgruppe
- Yngre utøvarar skal aldri trene med
vektar (tidlegast etter puberteten)
- Ved skade er det viktig med is fort,
og ha den på lenge
- Riktig utstyr er med og hindrar
skadar
- Varme og tørre klede etter trening
og konkurransar
15.10.2007
Fronstrening tysdag 16. oktober
Frammøte Talgøbygget kl. 18.00 - presis.
Ta med rulleski, hjelm og refleksvest - opplegg som sist.
Frå 19.00 styrke-kondis på Barhaug skole.
14.10.2007
Racing-dag Ringebu G-sport
3. november kl. 10. - 15. blir det Racing-dag på Ringebu G-sport
både i butikken og på Kaupanger.
Det blir representantar fra Madshus, Fischer, Swix, Rode, Rex, Alpina og
Salomon.
I samband med dette vil og landslagstrenar Egil Kristiansen ha ei
utandørs motivasjonsøkt ved Ringebuhallen kl. 15.30.
Dette er for utøvarar frå 12 år og opp til og med junior løparar.
Alle aktuelle løparar i dalen er hjarteleg velkomne!

Jenter på ski
samling
Mari har for fyrste gong vore med på
Jenter på ski
samling.
24 jenter frå Roterud i sør til Kvam i nord var med på samlinga.
Allsidig og positivt både treningsmessig og sosialt.
Dette må fleire Kvamsjenter bli med på ved neste moglegheit.
Sjå meir her:
http://www.vestringen.com/

Skigruppa vil få takke alle som har
stilt opp på dugnad og gjort ein kjempeinnsats i lysløypa i haust.
Gamle brua er rivi og ny bru er bygd og løypa er rydda og klar til
vinteren. Gjenstår nå berre å få på bark og grus.
Takk og til dei som har stilt maskinar og reiskap til disposisjon, og
til dei som har stilt opp med kaker til dugnadskaffen!
Skigruppa
11.10.2007
Skitrening for eldste gruppe kvar torsdag kl. 18.00 - oppmøte Bygdahuset.
Hugs alltid å ta med skistavar (fjorårets) og refleksvest.
Torsdagar vil det vesentleg vere kondisjontrening.
08.10.2007
Treninga med Tormod tysdag
Vi møter kl 17.55 tysdag ved Barhaug. Ta med joggesko og
rulleski/skøyter. Vi jogger frå Barhaug og ned til Talgøbygget og tek 40
min med ”rulleteknikk” der.
07.10.2007
Ny dugnad i lysløypa 13.10.07 kl. 10.00
Prosjektet
med å få rydda lysløypa og få i stand ny bru, går veldig smått og vi må
derfor ha ein ny dugnad.
Dei som møtte laurdag 29.09.07 gjorde ein kjempeinnsats og fekk både ned
og på plass att ny bru, men det gjenstår mellom anna ein del
snekkerarbeid.
Vi håpar derfor at mange vil møte opp laurdag 13. oktober og hjelpe til.
Før det, vil det bli kjørt med krattknusar gjennom løypa, men det må til
meir rydding i etterkant.
Ta med nødvendig utstyr og møt opp.
Kaffe & kake!
Vel møtt!
Skigruppa

Fronstrening Harpefoss søndag
14.oktober kl. 14.00 ( nytt tidspunkt )
– oppmøte Folkets hus
Neste helgesamling i Fronssamarbeidet er søndag 14. oktober kl.
14.00 på Harpefoss
- nytt testløp.
I tillegg vil det bli prata om tøying, skader og skadeførebygging.
På denne samlinga vil det og bli anledning til å byte/kjøpe/selje
brukt utstyr.
Alle som har brukt utstyr til overs tek med det på samlinga.
Litt mat etter treninga.
05.10.2007
Ny dugnad i lysløypa laurdag 6. oktober kl. 10.00
Dei 5 som møtte på dugnad sist laurdag gjorde ein kjempeinnsats,
men enda gjenstår mykje arbeid før brua er på plass att og løypa er
rydda.
Derfor håpar vi på stort oppmøte og like stor innsats laurdag 6.
oktober.
Vel møtt!

Treningstider for skigruppa
Skitreningane startar
måndagar og torsdagar frå veke 41 (etter haustferien).
2. – 4. klasse:
måndagar 18.00 – 19.00 -ute, oppmøte klubbhuset.
5. klasse og oppover:
Måndagar 18.00.- 20.00 ute og inne
Torsdagar 18.00 – 19.00 ute
For eldste gruppa vil
det i tillegg bli ei trening i helga, nærmare informasjon kjem.
Dersom det er
spørsmål ta kontakt med:
Torunn S. 99 64 26 54
Mette B. 99 64 26 30
Frank J. 92 23 52 60

Fronssamarbeid framover
Vi hadde ei vellykka samling i Skåbu laurdag 29. september med
rekordstort oppmøte av løparar.
Ellen Sandbakken frå Skåbu og Kjelsås var med å leia treninga og etterpå
prata ho litt om motivasjon for alle frammøtte.
Motiverande besøk for både løparar og trenarar/leiare......
Frå og med tysdag 9. oktober og kvar tysdag framover vil det bli
Fronstrening saman med Tormod Skilag.
Fyrst ein time ute, deretter styrketrening med Gry Korssletten inne.
Oppmøte ferdig skifta på Barhaug skole kl. 18.00.
27.09.2007
X-trem Spræk 2007
Mari og Lars Eivind var 2 av de ca 50 heldige ungdomane som fekk
vere med på ein skikkeleg "kick off" på skisesongen.
Hard og variert trening sto på programmet, det var militær hinderløype,
klatring, basseng, sykling, styrketrening mm.
24.09.2007
Fronstrening i Skåbu er flytt frå søndag 30. september til laurdag
29. september kl. 15.30
Ellen Sandbakken blir med på treninga.
Oppvarming.
Intervall: Skigang, elghufs, med stavar, ikkje for lange. ( Best med
litt korte - fjorårets).
Avslutte med stafettar eller fotball.
STEIL spanderar litt enkel servering enten før eller etter fotballen.
Litt prat/rettleiing om skiutstyr saman med maten.
Felles avreise frå idrettsanlegget kl.14.45
21.09.2007
Dugnad i lysløypa laurdag 29. september kl. 10.00
Skigruppa arrangerer dugnad i lysløypa og vi håper på stort oppmøte.
Det blir rydding av trasè og vedlikehald/evt. nedtaking av brua.
Ta med nødvendig utstyr om du har.
Vel møtt!

Xtrem-spræk samling på Jorekstad 22. -
23. september for 13-16 åringar.
Kvam har 5 påmeldte deltakarar på samlinga.
Sjå program og deltakarliste
her »
13.09.2007
Fronstrening søndag 16.september i Kvam.
Oppmøte klubbhuset kl. 15.30.
Fyrst ei rulleskiøkt, deretter stafett/intervall på idrettsanlegget.
Ta derfor med både hjelm, skisko, stavar og joggesko.
Hugs å ta med litt mat og drikke, samt klesskift til etter treninga.
Vel møtt!
01.09.2007
Fronstreninga søndag 2. september blir i Lia,
med oppmøte Lierne skole
kl. 15.30
Spenst og hurtigheit står på programmet.
Vi oppmodar løparar og foreldre til å møte opp, da det vidare opplegget
for hausten blir diskutert.
Avreise frå idrettsanlegget kl. 15.00.
Oppland skikrets arrangerer samling "X-trem Spræk 2007"
22. - 23. september.
Aldresgrense 13-16 år.
Påmelding seinast 13. september, førstemann til mølla - kun 50 stk.
21.08.2007
Fronssamarbeidet på ski held fram

Søndag 19. august hadde
Fronssamarbeidet på ski fyrste samling i haust.
Totalt 14 løparar, i alderen 10 – 14 år, frå Kvam, Tormod, Harpefoss og
Sør-Fron møtte opp på Harpefoss.
Gledeleg at så mange møtte!
Testløp sto på programmet og alle gjennomførte sine 1, 2 og 3 km med god
innsats.
(Nytt testløp er planlagt 14. oktober og da vil det vise seg om treninga
framover gir resultat.)
Etter testløpet kom Hanne, Jo og Åge med nyttige treningstips og forslag
på øvingar til eigentrening, som løparane testa.
Dei prata og om kor viktig det er med skikkeleg oppvarming både på
trening og konkurransar,
og med klesskift og mat rett etterpå.
Fronssamarbeidet har lagt opp til samlingar kvar 14.dag, sjå
vedlagte opplegg.
Neste samling er 2. september i Skåbu, da blir det fjelltur frå
Storhøliseter til Dalseter.
Vi oppfordrar alle løparane til og ta med seg resten av familien og bli
med på denne turen.
Nærmare informasjon vil bli sendt ut.
Fronstreninga er eit supplement til dei treningane klubbane har i
eigen regi.
I Kvam vil vi fortsetje med rulleskitrening i Gardvegen laurdagar
framover,
( laurdag 25.august blir det ikkje trening pga av Grueturnering i
fotball).
Frå ca 1. oktober vil det bli skitrening for alle kvar måndag.
Vi tek sikte på om lag same opplegg som i fjor.
Meir informasjon kjem når opplegget er klart.
Følg med på kvamil.no under ski for informasjon framover.
13.08.2007
Tysdag 14.08.07 kl. 18.30.
Trening - oppmøte idrettsanlegget
Laurdag 18.08.07 kl. 10.00 og kvar laurdag framover.
Rulleskitrening Gardvegen
Søndag 19.08.07 kl. 15.30
Fronstrening på Harpefoss - avreise idrettsanlegget kl. 15.00
Det vil bli arrangert testløp i tillegg til treningsøkt.
Vidare opplegg for samlingar i haust blir og lagt fram.
Måndag 27.08.07 kl. 18.00
Rulleskitrening med Team Statoil - oppmøte Ruste skole eller
Talgøbygget
Er nokon interessert i å vere med på Ungdomsbirken - løp 5,2 km -
15. september kl. 15.00?
Aldresgrense 12 år pr. 31.12.07.
Påmelding til Torunn så fort som mogleg.
Oppland skikrets planlegg treningssamling 22. - 23. september -07.
"X-trem
spræk 2007". Alder 13 - 16 år.
Meir informasjon kjem når opplegget er klart.
Treningssamling Fefor 28. - 30. september -07.
Aldersgrense 12 år, dvs. dei som skal gå i G/J 12 år i vinter.
Samlinga er eit samarbeid mellom Team Statoil og Fefor. Tore Ruud
Hofstad er foredragshaldar.
Sjå meir informasjon i
vedlagt program.
Påmelding til Torunn seinast fredag 31.august.
03.07.2007
Skitrening i sommar
Laurdagar kl. 10.00 - rullskitrening med oppmøte Røssum.
Tysdagar kl. 18.30 - oppmøte idrettsanlegget med joggesko og
treningsklede for å gå/jogge på fjellet.
Ta med godt med drikke og mat, så et vi før vi reiser ned.
12.06.2007
Skitrening
Følgjande treningsplan er sett opp framover for alle født 1997 og
eldre.
Torsdag 14. juni kl. 18.00 - Rulleskitrening Talgøbygget i Lomoen saman
med Team Statoil. Dei som vil kan møte ved Ruste skole og gå attende.
Laurdag 16. juni kl. 10.00 - Rulleskitrening Gardvegen.
Søndag 17. juni kl. 15.00 - Fyrste samling Fronssamarbeidet.
Det blir fyrst eit teoretisk orientering om opplegget og servering av
mat & drikke til alle.
Både løparar, trenarar/leiarar og foreldre bør møte.
Etterpå blir det treningsøkt på sykkel. Ta med joggesko.
Laurdag 23. juni kl. 10.00 - Rulleskitrening Natrudstilen Sjusjøen. Alle
som vil bli med tar kontakt med Frank eller Ole Kristian.
11.06.2007
Skiavslutning for dei aktive med besøk av Ellen Sandbakken frå Skåbu og
nå Kjelsås.
|
 |
|
Aktive sammen med Ellen
Sandbakken.
Smøreteamet bak. |
Laurdag 9. juni feira vi vinterens gode
innsats til våre aktive skiløparar.
Vi hadde fyrst ei rulleskiøkt i Gardevegen, der Ellen var dagens trenar.
Ho kom med mange gode tips til våre løparar.
Etterpå
var det mat og drikke til både løparar og foreldre i klubbhuset, og
Ellen fortalde litt om seg sjølv og korleis ho trenar.
Ho vann sitt fyrste skirenn som 13-åring, tok sølv i junior VM som
18-åring og NM gull i senior, både individuelt og i stafett (med
Høybråten og Stovner ) nå i vinter.
Ho la spesielt vekt på variert trening, og at ein må ha det artig. Leve
meste mogleg normalt, men at ein av og til må ta eit valg. Viktig med
nok mat og kvile.
Til slutt delte ho ut gaver til løparane og smøreteam, som vi har fått
frå Madshus.
Fin avslutning på ein god sesong og kjempetriveleg å få besøk av Ellen
Sandbakken. Ho gav oss ny inspirasjon framfor neste sesong og har fått
mange nye tilhengarar i Kvam.
Takk til Ellen og til kvamsløparane og lykke til neste sesong!
12.05.2007
Skitrening
Det viste seg å vere vanskeleg å få gjennomført skitrening måndagar
p.g.a. av fotballtreing/kampar.
Vi vil derfor frå nå å ha felles rulleski trening laurdagar kl. 10.00.
Treninga er for alle født i 1997 og eldre.
Oppmøte ved nedkjøringa til Røssum søre.
Hugs skisko/stavar, hanskar, REFLEKSVEST og HJELM! Ta og med
joggesko.
Dersom det er spørsmål, ta kontakt med Frank tlf. 92235260, eller Torunn
tlf. 99642654.
Rulleski som skigruppa eig er oppbevart Røssum, da det er eit fint
utgangspunkt for rulleskitrening.
Alle som vil bruke dei, kan ta kontakt med Anne eller Olav
06.05.2007
Sjå bilete frå skiavslutninga 2007.
Klikk
her »
01.05.2007
Det blir skiavslutning i paviljongen den 6. mai kl 17.00.
Skigruppa
25.04.2007
Skitrening
Laurdag 28. april kl. 12.00 - rulleskitrening.
Oppmøte ved Røssum.
Hugs skisko, skistavar og hjelm.
Skigruppa har rulleski til utlån, men dersom du har rulleski eller "rollerblades"
sjølv,
ta dei gjerne med.
Rulleski som skigruppa eig er oppbevart Røssum, da det er eit fint
utgangspunkt for rulleskitrening.
Alle som vil bruke dei, kan ta kontakt med Anne eller Olav.
Måndag 30. april kl. 18.00.
Kondisjonstrening ute, oppmøte ved bygdahuset.
Det blir ikkje innetrening da bygdshuset er opptatt.
22.04.2007
Skitrening frå og med måndag 23. april -07.
Vi startar opp at med skitrening måndager kl. 18.00.
Det blir fyrst ein times trening ute, deretter ca ein times styrketrening
inne i bygdahuset.
Treninga er for alle født i 1997 og eldre.
Oppmøte Bygdahuset.
Dersom det er spørsmål ta kontakt med Frank eller Torunn.
28.03.2007
Skigruppa takker løparar og trenere for god innsats i sesongen 2006/07.
Vi kjem attende med informasjon om premieutdeling for karusellrenna og
avslutning for dei aktive løparane etter påske.
Fyrste trening for neste sesong blir måndag 23.april kl.18.00. Dette blir
for dei som er født i 1997 og eldre.
Følg med på kvamil.no.
For dei yngre blir det ikkje skitrening før til hausten.
Vi oppfordrar alle til å bruke dei fine løypene og ski terrenget vi har på
Kvamsfjellet i påska.
God påske!

Løparanes rapport frå Ungdomsbirken:
Halvor:
PANG! Der gjekk starten på Ungdomsbirken, klasse G12!
Eg kom godt ut, og låg vel på ein 10. – 15. plass etter dei første 20
meterane. PANG! Der var det staven som gjekk...
Før eg fekk ny stav hadde alle (180 løparar) gått forbi meg...
Staven eg fekk var dessverre 10 cm for lang, så den var ikkje så god å
bruke.
Men likevel var det ein kjempefin tur og eg koste meg heile vegen.
Løypa var ikkje så tung som eg hadde trudd, med mange bratte utforkøyringar
og flatt terreng.
Eg oppfordrer alle som liker å gå på ski til å bli med neste år. Eg stiller
i alle fall opp att neste år, (med ny stav...).
Pernille:
Det var 5 løparar frå Kvam som skulle gå Ungdomsbirken i år. Rennet gjekk i
klassisk stil, og det var fellesstart.
Eg, Mari og Lars Eivind starta likt. Da måtte ein berre brøyte seg fram, og
prøve og halde seg på beina.
Dei første 6km gjekk veldig fort, for det var mykje nedover. Da det var
berre 3km til mål, vart det tyngre.
Da var det godt å komme opp dei siste bakkane og gå mot mål. Veret var
veldig fint, det var sol, men det var litt vind.
Eg synes rennet var veldig artig og noko fleire burde prøve.
Mari:
Vi låg på Fossegården i Øyer natta før vi skulle gå, for at det ikkje skulle
vere så langt å reise.
Vi var likevel oppe kl. 05.00 om morgonen. Da var alle trøytte, men da vi
kom til Sjusjøen hadde alle sove frå seg….
Dagen før var vi i Håkons hallen og henta startnummer, der var det stor
sportsmesse, med mykje fint sportsutstyr.
Eg kjøpte meg nye skibriller.
Pernille, Lars Eivind og eg starta likt. Vi fekk god startposisjon i andre
rekkje, men det var fullt med løparar rundt oss.
Det spreidde seg fort og eg såg ikkje meir til dei to andre før vi var i
mål. Det vart hardt i løypa og mange som datt.
Eg var heldig og datt ikkje, syntes det var artig heile vegen sjølv om det
var tungt på slutten, da eg var sliten.
Artig å køyre nedover og nesten ingen oppoverbakkar og passe mykje flatt,
ikkje kjedelege flatar.
Eg er fornøgd med løpet, tida og 26.plassen. Håpar fleire vil vere med neste
år.
Lars Eivind:
Eg syntest det var veldig morosamt å gå Ungdomsbirken. Det var mange folk og
venner der, og ikkje så lang som eg trudde.
Det var mykje flatt og nedover bakker, og det er lett å gå, så eg anbefaler
fleire å prøve.
Da eg gjekk i mål var det godt å høre at folk heia på meg, og det var veldig
godt å bli ferdig.
Premieutdelinga skjedde i Håkonshallen og den var kjempefin. Eg er veldig
fornøgd med turen og det fine været.
Ola:
kjem seinare…..
Offisielle plasseringar og tider:
UM12: 144 Halvor 51.40
UM13: 170 Lars Eivind 47.32
UK13: 26 Mari 44.00, 61 Pernille 48.34
UM14: 54 Ola Esten 38.19
Fullstendig resultatliste her:
http://www.birkebeiner.no/felles/resultat_frame.html
25.03.2007
Det er felles skitrening for alle måndag 26.03 kl 18.00 på Bygdahuset.
Det blir joggetur ute som oppvarming og styrketrening inne etterpå.

Astridbekkstafetten
Årets sesong vart avslutta med Astridbekkstafetten i dag.
Med strålande vêr og mykje folk både i og utanfor sporet var dette ei fin og
artig avslutning på sesongen.
Kvam stilte med 6 lag, og sjølv om ikkje nokon av laga nådde heilt til
topps, er det ein seier for skimiljøet i Kvam å kunne stille 6 stafett lag.
Vi hadde tre lag i klasse 8-10 år, Endre og Jonas, Espen og Johannes, Hans
Kristian og Torstein. Eitt lag i 11-12 år, Halvor og Hans Kristian og to lag
i 13-14 år, Pernille og Mari, Ola Esten og Lars Eivind.
Alle laga gjorde ein god innsats og syntes dette var ei artig og ny
utfordring.
Oppsummering av skisesongen 06/07.
I alt har 13 forskjellige langrenns-løparar frå Kvam idrettslag delteke på
krets- og landsrenn denne sesongen. 4 av desse løparane var debutantar i år,
det er særs gledeleg for rekrutteringa.
Årets høgdepunkt, når det gjeld sportslege prestasjonar, var nok
bronse-medalja til Ola Esten Røssum, på den klassiske sprinten, i
kretsmesterskapet for Oppland Skikrets.
Men, i tillegg har vi også for fyrste gong hatt ein løpar frå Kvam på pallen
i eit GD-cup renn. Mari Vassokken Sigstad greidde det i Vågårennet, med ein
fin tredje-plass.
I klassene frå 11 år og oppover, der det er rangering, har vi i år to
klassesigrar i kretsrenn.
Ola Esten Røssum vant Folleburennet og Pernille Hagen vann STEIL-sprinten.
Gledeleg er det også å sjå alle dei gode prestasjonane dei yngre har gjort
denne vinteren.
I klassene frå 10 år og nedover er det ikkje rangering, men mange av
løparane våre i desse klassene har i fleire renn hatt tider som med
rangering ville ha gjeve plassar høgt oppe på listene. Her har vi mykje å
sjå fram til neste sesong, og i åra som kjem.
Alle løparane våre har hatt god framgang i vinter. Dei har i renn etter renn
forbetra sine eige tider og prestasjonar. Det ser vi ikkje minst i GD-cupen.
Her har vi mange løparar som i år har plukka mange fleire poeng enn dei
gjorde i fjor.
Og viktigast av alt; dei har det artig både på renn og treningar. Løparane
tek vare på kvarandre, og alle bidreg med sitt til fellesskapet, slik at vi
får eit godt miljø der ingen fell utanom.
”Smøreteamet” har og gjort ein utruleg god jobb denne sesongen. Dei har
jobba hardt og målretta, og på den måten gitt viktige bidrag til framgangen
for løparane frå Kvam.
Det har totalt vore arrangert 5 karusellrenn i skigruppa i vinter, i tillegg
til klubbmeisterskap og skileikdag. Deltakartalet har her variert frå 25 til
91 stk. Her har vi sett at det er mange nye talent på veg framover i
skisporet.
Takk til kvar og ein som gjennom sesongen har vore med og gjort alt dette
mogleg, både i og utanom løypene.

Høvringentur 24.03.07

29 små og store gjekk vår årlege tur frå Høvringen og attende til
Kvamsfjellet.
Varmgrader både natta før og heile dagen, gjorde at det vart sugande og
tungt føre heile vegen og ingenting gratis å hente. Likevel var humøret og
motivasjon på topp.
Den yngre garde låg fyrst i feltet og drog heile vegen, og hadde det vore
innlagte spurtpremiar, hadde nok dei kome heim med alle premiane. Nei, dei
er ikkje lett for oss vaksne å hengje med desse ski og treningsglade
ungdommane, sjølv på lengre turar.
Godt og varmt vêr, pen natur og eit triveleg sosialt fellesskap gjorde denne
dagen til nok ein fin skidag for oss alle.
Sjå bileta frå turen
her »
24.03.2007
Sluttstillinga i GD-cupen 2006/2007
20.03.2007
Høvringentur laurdag 24. mars
Fortsatt ledige plassar - påmelding fram til fredag til Torunn.
Astridbekkstafetten søndag 25. mars.
Kvam stiller med 6 lag på Astridbekkstafetten og desse løparane:
Jonas S.L., Endre, Martine, Espen, Hans Kristian, Torstein, Johannes,
Halvor, Pernille, Mari, Lars Eivind og Ola Esten.
3 lag i 8-10 år
1 lag i 11-12 år
2 lag i 13-14 år
Lagsamansetninga i dei 2 yngste klassane blir etter trekning og blir
offentleggjort på trening torsdag.
Dettte er en 2-manns-stafett, der alle går to etappar kvar og alle etappane
er klassisk.
Skitrening torsdag 22. mars
For den eldste gruppa blir det skitrening kl. 17.30 på torsdag. Frammøte
ved bygdahuset.
Vi reiser til Rondablikk og trener klassisk.
18.03.2007
Skitrening måndag 19. mars
For den eldste gruppa blir det skitrening kl. 17.30 på måndag. Frammøte ved
bygdahuset. Vi reiser til Rondablikk og trener klassisk. Innetrening i
bygdahuset frå kl.19.30.

Ti løparar frå Kvam stilte søndag til start i Trabelirennet.
Under gode forhold, og i eit svært god gjennomført arrangement av
Ringebu/Fåvang Skiklubb, viste løparane frå Kvam igjen at dei går godt på
ski. Fellesstart og bytte av ski er store utfordringar, men for alle gjekk
dette bra.
Jonas Selfors Lund debuterte i klassa G8, og i tillegg stilte Endre Sanden
til start. Både Jonas og Endre kom godt ut i fellesstarten, og dei var
gjennom heile løypa langt framme i feltet. Inn mot mål vart det ein
skikkeleg sluttspurt mellom dei to, og i mål var dei to heilt likt.. Svært
god innsats av båe to!
Martine Rudi Teige gjorde også denne gongen eit svært godt løp. Martine kom
også godt ut frå start i klassa J10, og gjekk seg etterkvart heilt opp
mellom dei fyrste i feltet. Martine hadde berre to løparar framfor seg da ho
passerte målstreken etter eit godt gjennomført løp.
I klassa G10 stilte det heile tre gutar frå Kvam: Johannes Haugen, Espen
Sanden og Hans Kristian Rudland. Alle desse tre gjorde det godt. I mål var
det ikkje mykje som skilde mellom dei, og tidene viser at det ikkje er langt
fram til dei beste tidene i klassa. Johannes var uheldig og falt, men
fullførte den harde løypa i fin stil, berre nokre meter bak dei andre.
I G12 stilte Halvor Røssum. Halvor gjekk eit godt løp, og kom inn til ein
fin 14. plass i si klasse. Halvor viste igjen at han går godt på ski, og at
han ikkje er langt bak dei beste i si klasse.
I klassene frå 13 år og oppover var det skibytte halvegs, og fristil den
andre runden.
I G13 stod Lars Eivind Jensvoll i startfeltet. Lars Eivind gjorde det godt
både i den klassiske delen og i fristil, og kom inn til ein fin 14. plass.
Dette var fyrste rennet for Lars Eivind med skibytte, og han viste at han
meistrar båe dei to stilartane godt.
Mari Vassdokken Sigstad i J13 gjekk nok ein gong eit svært godt løp på
laurdag. Mari er i svært god form om dagen, og viste at tredjeplassen ho tok
førre helga, i Vågårennet, ikkje var tilfeldig. Mari låg heilt framme i
teten alt ut i frå start, og heldt seg der heile vegen. Dette ga til slutt
ein sterk fjerde-plass. Både i klassisk og i fristil er Mari nå mellom dei
aller beste i si klasse.
Ola Esten Røssum stilte i G14. Ola Esten gjekk til slutt inn til plass nr.
11 i klassa si. Også dette var eit godt gjennomført løp, sjølv om Ola Esten
ikkje er i den forma som han hadde fyrst på sesongen.
Resultat frå Trabelirennet
her »

Godt gjennomførte løp av Kvamløparane i Ungdomsbirken
Alle våre 5 løparar gjennomførte Ungdomsbirken på ein svært god måte.
Til tross for at Halvor og Lars Eivind båe hadde uhell under vegs,
viste dei tæl og innsatsvilje og gjennomførte på gode tider.
Ola Esten, Pernille og Mari gjennomførte alle utan uhell og gjekk
særs sterke løp.
Vi vil prøve og få løparane til å kome med ei omtale av si oppleving av
løpet etterkvart.
Kvamsløparane fekk følgjande tider på sine 15km:
UM12 Halvor: 50.41
UM13 Lars Eivind: 46.30
UK13 Mari: 42.59, Pernille 47.31
UM14 Ola Esten: 37.30
Fullstendige resultatlister
her »
16.03.2007
Trabelirennet søndag 18. mars
Dette er årets siste individuelle renn og avslutning av GD-cupen.
Kvam har 10 påmeldte, også denne gongen har vi ein debutant på startstreken.
Jonas Selfors Lund får ein tøff debut i G8 med 1 km klassisk fellesstart.
Vi ynskjer Jonas og dei andre lykke til.
Startliste
her
»
14.03.2007
Ungdomsbirken 17. mars 2007
|
 |
|
Klare for ungdomsbirken |
Gledeleg nok så har Kvam i år 5 påmeldte i Ungdomsbirken.
Ola Esten gjorde ein sterk debut i fjor og vart nr. 20 av ca. 210 deltakarar
i si klasse.
I år får han følgje av Halvor, Lars Eivind, Pernille og Mari.
Løypa, med start på Sjusjøen og mål på Birkebeineren Skistadion, er 15 km og
går i klassisk stilart.
Alle deltakarane må ha sekk som skal vege minst 1,5 kg.
Dette blir ei spanande og artig utfordring for våre løparar, som til vanleg
går 2 og 3 km i konkurransar.
Å gå i mål på sjølvaste Birkebeineren Skistadion og ha mykje publikum som
heier dei inn må vere ei oppleving i seg sjølv.
Onsdag kveld hadde desse veltrena og tøffe ungdommane siste trening og
stemninga og humøret var som vanleg på topp.
Vi ynskjer dei lykke til og håpar dei vil kome med ein rapport på heimesida
vår etterpå.

Høvringentur
Årets Høvringentur arrangerast laurdag 24.mars.
Avreise frå drosjebua kl. 09.00.
Påmelding til Torunn Sigstad, tlf. 99 64 26 54, seinast 20.mars.
Turen blir ikkje arrangert dersom det er styggvêr.
Barn må ha følgje med vaksne.
Pris pr. person kr. 120,- som dekkjer busstur opp til Høvringen.
Ingen organisert kjøring ned frå Kvamsfjellet.
Hugs godt med mat og ekstra varme klede.
11.03.2007
Vellykka klubbmeiseterskap og skileikdag på Kvamsfjellet
I fint vær og godt skiføre vart det arrangert klubbmeisterskap med
påfølgjande skileik på fjellet.
Totalt 64 startande i klubbmeisterskapen, inkl. trimklassa, var 3 fleire enn
i fjor og det er vi særs fornøgde med.
I år gjekk rennet i klassisk stil.
Også i år var det den yngre garde som hadde dagens beste tider både i jente
og gute klassa.
Det må vi vel også seie at vi er særs fornøgde med, sjølv om det kan vere
tungt å innsjå for oss ”eldre”.
Det er likevel gledeleg at fleire foreldre drista seg til å starte i år enn
i fjor. Det er viktig at foreldra og stillar på startstreken, sjølv om
toppforma er langt unna.
Det var hard kniving med mange startande i fleire klasser. Dessverre tynnes
det oppover i klassane.
Det er eit felles ansvar for oss alle og jobbe for at flest mogleg fortsett.
Ikkje nødvendigvis for å delta i konkurransar, men forsett å gå på ski fordi
dei synes det er artig.
Det er lett å sjå at på dagar som dette at ungane kosar seg med ski på
beina. Det var stor aktivitet i skileik bakken og stor innsats i sporet.
Rondablikk Fjellsenter har igjen kjørt fine skispor og hjelpt til med
preparering av skileikbakken, samt frakta av nødvendig utstyr til
Rondablikkgropa.
Vi vil rette ein stor takk til dei for innsatsen dei gjer for skigruppa,
både i forbindelse med denne dagen og preparering av løyper til trening
gjennom vinteren.
Dette er svært verdifullt for oss.
Etter rennet kosa både små og store seg med pøser, saft, brus, kaffe og
kaker.

Skitrening måndag 12.03.07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
Klassisk trening på fjellet - avreise frå Bygdahuset kl. 17.30
19.30 - Styrketrening i Bygdahuset.
Karusellrennet onsdag 14.mars er avlyst pga vanskelege forhold i lysløypa.
Klubbmeisterskapen/skileikdagen i dag vart derfor siste renn denne sesongen.
Vi kjem attende med dato for premieutdeling karusellrenna. Det vil bli så
fort som mogleg etter påske.
Alle som har vore med eitt eller fleire renn får premie.

Status
GD-cup etter 5 av 6 renn
Siste renn går på Trabelia søndag 18.mars. Dårlegaste renn strykast.
Der er det klassisk fellesstart for 11 og 12 åringane og pursuit for 13 og
14 åringane.
10.03.2007
Mari på pallen i Vågårennet
|
 |
|
Kvamverane gjorde ein god
innsats i Vågårennet |
Også i dagens GD-cup renn på Heidalskogen oppnådde kvamsløparane mange gode
resultat.
Med tett snødrev og mykje våt nysnø i løypa var spesielt smøreteamet letta
over at det var fristil som sto på programmet.
Kvam hadde 9 løparar på startstreken og ein ivrig gjeng med foreldre og
sysken følgde ivrig med på sidelinja.
Etter atskillige timar og dagar samen i løpet av vinteren, blir vi nesten
som ein stor familie heile gjengen.
Sosiale og trivelege dagar, der alle er med og bidreg slik at det blir best
mogleg til rette lagt for løparane.
I G10 debuterte Johannes og Torstein i fristil og gjorde både gode renn på
sin 1 km med tidane 3.58 og 3.10. Godt gjort i ei løype med mykje nysnø.
I same klassa opplevde vi og i dag tett kniving om beste kvamsløpar mellom
Espen og Hans Kristian.
I mål var det berre eitt sekund som skilte dei, denne gongen i Hans Kristian
sin favør. Tidane var 2.44 og 2.45.
Hans Kristian ville med denne tida også oppnådd pallplass, dersom dette
hadde vore i ei klasse med rangering.
I J10 gjekk Martine som vanleg eit godt løp å tida 3.03. Ho viser med dagens
resultat at ho meistrar båe stilartane like godt.
Halvor var fyrstemann ut av våre løparar som inngår i GD-cupen. Han fekk
tida 6.30 på sin 2km og ein 14.plass. Eit godt gjennomført løp i fin
friteknikk stil av Halvor.
I G14 har Ola Esten framleis eit stykke igjen til toppforma etter ei lang
sjukdomsperiode. Han hadde trøbbel med å få opp den heilt store farten i den
tunge 3km’n og fekk tida 9.25 og ein 13.plass.
Dette er ikkje Ola slik vi veit han er i gode dagar.
Lars Eivind i G13 gjorde igjen eit rykk i riktig retning med tida 10.24.
Dette gav han ein 14.plass og tida fram til vinnaren minkar for kvart renn.
Mari hadde sin store dag og oppnådde for fyrste gong å få stå på pallen i
eit GD-cup renn med sin 3.plass.
Ho fekk tida 9.37 og var 43 sek. bak vinnaren og 28 sek. bak nr.2, men hadde
også god margin bakover.
Mari var eitt einast stort smil gjennom sin 3km, dette var dagen da alt
gjekk lett.
I følgje Olav er dette fyrste gongen Kvam har ein løpar på pallen i eit
GD-cup renn.
Vi gratulerer Mari og dei andre kvamsløparane med gode prestasjonar.
Fullstendig resultatliste
09.03.2007
Klubbmeisterskap
og skileikdag
ved Rondablikk Fjellsenter søndag
11. mars -07 kl. 12.00
Påmelding i god tid før rennet.
T.o.m. 1. klasse: går frå parkeringa og opp til Rondablikkgropa (utan
tidtaking).
2. - 4. klasse: Ca. 1 km med mål i Rondablikkgropa - med tidtaking,
utan rangering.
5. - 6. klasse: Ca 2 km med mål i Rondablikkgropa - med tidtaking og
rangering.
7. klasse og t.o.m. valsne: 4 km med mål i Rondablikkgropa - med
tidtaking og rangering.
Trimklasse: Fri lengde utan tidtaking - uttrekkspremiering.
Etterpå er det skileik, premieutdeling og grilling i Rondablikkgropa.
Vi håpar på ein fin dag med mange små og STORE deltakarar.
Vel møtt!

Vågårennet 10.03.07
Kvam har 10 startande på Vågårennet som går på Heidalskogen skianlegg.
Dette er nest siste GD-cup rennet i år og går i fri teknikk.
Startlista finn døkk
her
07.03.2007
Vasaloppet 2007.
Det stod tre spente Kvamværer Ingar, Rune og John Petter på startstreken
i årets Vasalopp sammen med 13367 løpere som skulle gå fra Sælen til Mora,
en strekning på ni mil. Været vart ikke slik som det vart rapportert kvelden
før med kuldegrader til langt ut på dagen, da vi kom til startområdet så var
det to varmegrader noe som gjorde att det var bare å smøre om skiene.
Underveis så var det varmegrader heile løpet med dertil ødelagte spor stort
sett det meste av turen. Selve løpet var en enorm opplevelse som eg
anbefaler flere å prøve, en stor folkefest gjennom hele løypa med
matstasjoner etter hver mil og mange turister og underholdning langsetter
sporet. Løypa var varierende og fin i småkuppert terreng. Arrangøren for
denne turen var primus motor Stig Lunde, Ruste som organiserte heile
opplegget med buss fra Haverstad turbiler, overnatting på Sælenfjellet i
fine hytter ca 15 min fra startområdet. På turen så var vi 37 løpere fra
hele dalen pluss sjåfør og hjelpemann. Turen startet fredag morgen, lørdag
så var det skismøring, skitesting og avslapping som stod på
programmet.Søndag morgen klokken 05.20 reiste vi ned til startområdet hvor
vi smørte om skiene og parkerte de inne på startfeltet. Kl 08.00 gikk
starten og det hele var igang. Neste år håper eg det blir med enda flere fra
Kvam il.
Mvh Ingar Eide.
05.03.2007
Travel veke for skiløparane
Onsdag 7.mars er karusellrenn i lysløypa.
Friteknikk for 4. klasse og oppover.
Laurdag 10. mars arrangerast Vågårennet på Heidalsskogen.
Rennet går i friteknikk og inngår i GD-cupen for 11-14 åringar.
Kvam har 10 løparar påmeldt, siste frist for påmelding er 07.03.07.
Det blir spanande å sjå om framgangen til kvamsløparane fortsett.
Søndag 11.mars kl. 12.00 er det klart for årets klubbmeisterskap og
skileikdag.
Rennet startar ved Rondablikk Fjellsenter og går i klassisk stil.
Skileik, premieutdeling og grilling er i Rondablikkgropa etterpå.
Vi håpar på ein fin dag med mange små og STORE deltakarar.
Det blir eigen trimklasse med uttrekkspremie.
Meir informasjon om løypelengder og trase kjem seinare.
Vel møtt!
04.03.2007
Skitrening måndag 05.03.07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
Skøytetrening på fjellet - avreise frå Bygdahuset kl. 17.00( NB! Merk
Tida!!)
19.30 - Styrketrening i Bygdahuset.
25.02.2007
Skitrening måndag 26. februar
For den eldste gruppa blir det skitrening kl. 16.00 på måndag. Frammøte
ved bygdahuset. Vi reiser til Rondablikk og trener klassisk. Innetrening i
bygdahuset frå kl.18.30.

Karusellrenn på fjellet 25.02.07
49 startande på dagens karusellrenn.
Dette til tross for at vinterferien er i gang og influensa herjer.
Mange sterke prestasjonar og stor insatsvilje var det å sjå ute i løypa i
dag.
Både store og små kosa seg saft, kaffe og kaker etter løpet.
Neste karusellrenn er onsdag 07. mars i lysløypa.
Minnar og om klubbmesterskapen på fjellet søndag 11.mars kl. 12.00.
Klassisk stil.
Etter løpet er det skileik, premieutdeling og grilling i Rondablikkgropa

Status
GD-cup etter 4 av 6 renn
24.02.2007
Lillehammerlekene 24.02.07 GD-cup
I dagens klassiske GD-cup renn hadde Kvam følgjande på startstreken:
Ola Esten, Lars Eivind, Mari, Halvor, Hans Kristian og Martine.
Endre og Espen måtte dessverre melde forfall pga sjukdom.
Ekstra spanande var det i dag da det var fellesstart frå 11 år og oppover.
8 -10 åringane starta to og to, med 15 sek. intervall.
Dei yngste Kvamsløparane, Martine og Hans Kristian, syner og i dag at dei er
i form og gjekk kjempegode løp i sine klassar. Martine fekk tida 5.14 og
Hans Kristian 4.51 på sine 1 km.
Dei har båe ein utruleg fin teknikk i klassisk stil og får betalt for det i
for av jamt gode resultat.
Halvor gjekk eitt av sine beste løp for sesongen på tida 8.02 og enda som
nr. 12, berre 59 sek. bak vinnaren.
Samanlikna med Tormodsprinten 14.januar har Halvor korta ned akkurat eitt
minutt fram til same vinnaren Anders Skaarseth frå Lillehammer.
Lars Eivind fekk verkeleg bruk for sin gode kondisjon og styrke i dei harde
løypene i Søre Ål, han fekk tida 12.41 og ein 17.plass.
Dette var 2.21 bak vinnaren, samanlika med Tormodsprinten var han 3.01 bak.
Mari vart nr. 8 i dag på tida 12.27. Dette er 1.13 bak vinnaren Lena Jansson
frå Ringebu.
På Tormodsprinten var differansen 2.15.
Mari heldt godt i den harde løypa og tok inn på konkurrentane på slutten av
løpet. Etter den sterke sluttspurten passerte ho og ein løpar rett før
målpassering.
Ola Esten som har vore sjuk sidan før førre helg, fekk ein tung dag i den
tøffe løypa.
Han fekk tida 11.43 og enda med det på ein 17.plass. Heldigvis har nå Ola to
veker fram til neste renn og får dermed tid til å finne igjen den gode forma
han har vist før i vinter.
Lause spor i tillegg til tøff løype, gjorde at dagens renn var av dei
tyngste denne sesongen. Dette gjer ikkje framgangen og prestasjonane til
Kvamsløperane mindre.
Gratulerer med gode prestasjonar alle saman!
Neste renn i GD-cupen går i Vågå 10. mars, da er det fristil.
Fullstendig resultatliste:
http://saal.no/Resultater/2007/Lill07/lhmr240207langrenn_res.pdf
23.02.2007
Lillehammerlekene 24.02.07 GD-cup
Nytt spanande renn i GD-cupen med følgjande påmeldte frå Kvam:
Ola Esten, Lars Eivind, Mari, Halvor, Hans Kristian, Espen, Martine og
Endre.
Ekstra spanande blir det da det er fellesstart frå 11 år og oppover.
8 -10 åringane startar to og to, med 15 sek. intervall.
Sjå startlista her:
http://www.saal.no/
21.02.2007
Karusellrenn 14. og 21.februar -07
|
 |
 |
 |
|
 |
 |
|
Ivrige deltakarar på karusellrenn |
Dessverre så går talet på startande på våre karusellrenn ned.
Vi hadde heile 93 startande på eitt renn og i dag var det berre 25.
Innsatsen til dei som starta var likevel på topp på det kalde og tråe føre.
Vi håpar fleire vi nytte høve til å ta ein tur til fjells komande søndag, da
er det nytt er karusellrenn ved Rondablikk Fjellsenter kl. 13.00.
Det blir servert saft & kaker etter rennet.
19.02.2007
 |
|
Fornøgd kvamsgjeng i Kollen |
Søndag vart ein ny god dag for Kvamsløparane i Ungdommens Holmenkollrenn.
Fristil sto på programmet og heldigvis letta den kjende Kollentåka i dag
slik at vi fekk sjå både løparane og dei fine omgivelsane i Kollen.
Lars Eivind var fyrst ut av kvamværane og viste igjen at han er i
kjempeform. Holmennkollens harde løyper passa tydelegvis Lars Eivind godt.
Han gjekk sesongens beste fristil renn på tida 11.03 og vart nr. 179 av 215.
Samanlikna med andre frå ”GD-cup område” som gjekk i Kollen i dag, har han
korta ned differansen fram til dei med atskillige sekund sidan Selsrennet
frå 2 veker sidan.
Mari var revansjelysten frå i går og gjekk også eit av sine beste fristil
renn for sesongen. Ho fekk tida 10.46 og enda tilslutt som nr. 39 av 105 som
er særs sterkt i dette selskapet. Ho hadde også berre tre av sine
konkurrentar frå ”GD-område” framfor seg. At Mari hevda seg best i fristil
kom som ei overrasking på både Mari sjølv og oss andre, men ho hadde nok
godt av ei gjennomkjøring i går etter ei sjukdomsperiode.
Ola Esten slit også med sjukdom i kroppen og har vore i tvil om han skulle
stille til start båe dagane.
Til tross for dette har han gått to sterke renn. I dag fekk han tida 9,52 og
vart nr. 141 av 237. Til tross for ei dårlegare plassering enn dagen før,
var dette ein like sterk prestasjon som dagen før og marginane framover er
veldig små.
Totalt sett har Lars Eivind, Mari Og Ola Esten gjort ein kjempeprestasjon
desse to dagane i Kollen.
Vi 5 vaksne – Frank, Anne og Olav, Torunn og Per Henry - som har vore så
heldige å få vere med, er desse tre ein stor takk skyldig for dei utrulege
opplevingane dei har gjedd oss desse to dagane. Det er berre så KJEMPEARTIG
og SPANANDE å sjå at dei uredde kastar seg ut i dei krevjande løypane i
sjølvaste Holmenkollen.
Fullstendig resultatliste finn døkk her:
http://n3sport.no/Organisation.asp?id=163975
18.02.2007
Skitrening måndag 19. februar -07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Kuldegrense -15, dersom kaldare blir det innetrening i Bygdahuset.
Eldste gruppa:
Klassisk skitrening på fjellet - avreise frå Bygdahuset 17.30
19.30 - Styrketrening i Bygdahuset.
17.02.2007
KVAMLØPARANE HEVDAR SEG GODT I HOLMENKOLLEN
Det har vore svært god innsats av Kvam-løparane i Ungdommens
Holmenkollrenn i dag.
Mari, Lars Eivind og Ola Esten gjekk i konkurranse med skiløparar frå
heile landet, og dei hevda seg godt alle saman. I dag, laurdag, var det
klassisk som stod på programmet.
Lars Eivind gjekk sitt beste løp for sesongen. Han kom inn på tida 12.27 i
den 3,3 km lange og krevjande løypa. Det heldt til plass nr. 155, av heile
228 startande.
Mari gjekk også eit godt løp. Ho kom inn på tida 13.18, og fekk med det
plass nr. 71. I denne klassa starta ca 110 jenter.
Ola Esten fekk etter sitt gode løp tida 11.07. Med det kom han på plass
nr. 83, i ei klasse der det starta 225 gutar.
Det er svært høgt nivå i desse klassene, og Ungdommens Holmenkollrenn er
rekna for å vera det uofisielle NM for 13 og 14 åringaneI ein konkurranse
der det er så mange gode løparar har vi, og ikkje minst løparane sjølve,
god grunn til å vera nøgde med innsatsen til løparane frå Kvam ! .
Det var tett tåke og ikkje dei beste forholda i Kollen i dag, men skiene
til kvamværane såg ikkje ut til å vera noko dårlegare enn til dei fleste
andre. Smøreteamet gjorde med andre ord ein god jobb dei også !
I morgon, søndag, er det 3 km fristil som står på programmet. Vi ser fram
til nok ein dag med gode prestasjonar i Holmenkollen.


Dagens Steil-sprint vart gjennomført i fin stil av Kvam sine 9 løparar.
Spesielt spennande var det i dag for Sander og Johannes som debuterte i
utabygds skirenn.
Dei gjekk begge to gode løp i dei harde Skåbu-løypene!
Kvamsløparane sette verkeleg sitt preg på resultatlistene i dag med svært
gode tider.
Dagens gladaste var nok Hans Kristian som gjekk sitt beste løp hittil i år!
Etter løpet var det kos med mat og drikke, og utdeling av velfortente
premiar.
Før skirennet i dag var det eit minutt stillheit til minne om dei to
brødrene Bårdløkken frå Heidal.
Resultat frå STEIL-sprinten finn du
her
»
15.02.2007
Status GD-Cup etter 3 av 6 renn
Status i GD-Cupen oppdatert etter at 3 av 6 renn er avviklet. Neste renn
er klassisk fellesstart 24. feb på Søre-Ål.
14.02.2007
Stor skihelg 17-18 februar
Skiløparane har ei spanande helg framfor seg.
Laurdag er det Steil sprinten og der har Kvam heile 9 påmeldte løparar.
Dette er kjempebra og spesielt artig at vi denne gongen har to
debutantar - Sander Tunheim Røssummoen og Johannes Haugen - på
startstreken.
Øverige påmeldte er: Endre, Espen, Hans Kristian, Torstein, Martine, Halvor
og Pernille.
Dagens "teamleiarar" og smøresjefar er Ole Kristian og Bjørn Einar - ta
gjerne kontakt med dei dersom døkk har spørsmål.
Rennstart i Skåbu er kl. 12.00.
Startlister blir lagt ut fredag ettermiddag:
http://www.steil.no
Denne helga arrangerast også Ungdommens Holmenkollrenn for 13 og 14 åringar
Kvam har 3 løparar på startstreken.
Lars Eivind, Mari og Ola Esten går 3,3 km klassisk laurdag og 3,3 km fri
teknikk søndag.
Dei møter da jamgamle konkurrentar frå det meste av landet.
Informasjon om eit av vinterens store mål for skiløparar i 13- og
14-årsklassa finn du på denne linken:
http://n3sport.no/Organisation.asp?id=163975
Følg med på kvamil.no for resultat.
11.02.2007
Skitrening måndag 12. februar -07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Kuldegrense -15, dersom kaldare blir det innetrening i Bygdahuset.
Eldste gruppa:
Klassisk skitrening på fjellet - avreise frå Bygdahuset 17.30
19.30 - Styrketrening i Bygdahuset.
NB!
Lørdag 17.februar arrangeres STEIL-sprinten i Skåbu - siste frist for
påmelding er 13.februar til Torunn.
Kom igjen - dette er eit ypperleg klassisk skirenn for alle frå 8 - 20 år.
Hugs og karusellrenn i lysløypa onsdag 14.februar.
Heidalsrennet som skulle gå i dag vart avlyst p.g.a. kulde.
Graderstokken på Rindvang viste - 28 ved 9-tida i dag.
10.02.2007
Øyersprinten
Det var godt å sjå at Kvams yngste løparar kasta seg uredde inn i
sprintduellane på Nermojordet i Øyer i dag.
Både Endre, Espen, Hans Kristian og Martine deltok og gjorde gode
prestasjonar, samtidig som dei tok med seg gode erfaringar til seinare
sprintrenn.
Dei som har prøvd dette tidlegare og veit at det er tøft med rein
utslagingsmetode, er Halvor, Lars Eivind, Mari og Ola.
Dei hadde noko "stang ut" i dag og ingen av dei kom til A-finala.
Resultat frå dagens Øyersprint:
http://n3sport.no/Downloads/63381/docs/Resultatliste_Øyersprinten_2007.htm
Dersom temperaturen stig og Heidalsrennet blir arrangert på Rindvang i
morgon, stillar desse Kvamsløparane til start:
Endre, Espen. Hans Kristian, Martin og Mari.
07.02.2007
Karusellrennet i dag 07.02, er avlyst på grunn av kulde.

Karusellrenn
Kuldegrense for at vi arrangerer renn er -15.
Vi har fått inn mange tilbakemeldingar på startordninga vår, og vil
heretter starte på følgjande måte:
Under skolepliktig alder - startar på fotballbana, 2 og 2 så fort som mogleg
etter kl. 18.00.
Dei går rundt bana til søndre og øvre sving, opp over tribuna og til mål.
Alle andre startar på same plass som før, men 2 og 2 - og 1.klasse startar
fyrst, deretter vidare oppover.
1. - 3.klasse går: rundt røysa og attende i mål ned ved spikerbua ( ca. 900
m )
4. - 5.klasse går: heile lysløypa
6. klasse og oppover: 2 runder heile lysløypa
04.02.2007
Selsrennet
|
 |
|
Ivrige kvamsløparar på Tolstadåsen |
Det var seks tende skiløparar frå Kvam som stilte til start i
fristilsrennet på Sel i dag!
Endre, Espen, Hans Kristian og Martine gjennomførte solide og gode løp.
Alle fire gjekk i fin stil, og fekk svært god tid på sin 1 km.!
I Mari si klasse er det tette og harde duellar. Mari gjekk eit nytt, bra
løp, og fekk tida 10.31. Dette heldt til 7. plass.
Hadde ho gått berre nokre sekund raskare hadde ho vorte nr. 4.
I klassa til Lars Eivind er det tøff konkurranse! I dag vart det ein 17.
plass på Lars Eivind, med tida 10.48.
Han har hatt fin framgang i skøyting i år, og det er lite som skal til før
han klatrar fleire plassar oppover resultatlista!
Eit strålande skivær og stor deltaking i alle klassene, gjorde dette til en
flott og spennande dag.
Resultat finn du her
»

Skitrening måndag 05.02.07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
18.00 - 19.15: Skøytetrening i Lysløypa. Styrketrening i Bygdahuset
etterpå
03.02.2007
Startlista til Selrennet 4. februar:
Kvam har følgjande på startstreken:
Endre Sanden
Espen Sanden
Hans Kristian H. Rudland
Martine Rudi Teige
Halvor Røssum
Lars Eivind Jensvoll
Mari Vassdokken Sigstad
Ola Esten Røssum
01.02.2007
Heile 93 startande på årets fyrste karusellrenn i lysløypa.
Ekstra artig var det at så mange store ungar møtte opp i kveld.
Nå manglar det berre dei vaksne.
Vi oppfordrar foreldra til å starte, - med eller utan tid.
Vel møtt igjen neste onsdag - same tid og sted.
Resultat her
»
31.01.2007
Skitrening torsdag 01.02.07
Skøytetrening i lysløypa kl. 18.00.
30.01.2007
Feiring av KM bronse til Ola!
|
 |
 |
|
Etter treninga i går kveld feira vi Ola som tok bronsemedalje i sprint i
helgas KM. |
Ola, Mari og Halvor fekk blomar for sine gode prestasjonar både på
sprint og individuelt under KM. |
|
 |
|
Snautt 20 ivrige skiløparar var med på treninga, som vart avslutta med
marsipan kake. |
28.01.2007
Andre dag av KM på Lygna er over og våre løpere leverte gode resultater også
i dag.
I dag var det henholdsvis 2 og 3 km fristil som stod på programmet for våre.
Halvor Røssum ble nr 25 av 40 startende i 12 årsklassen, Ola Røssum ble
nummer 11 av 21 og Mari Vassdokken Sigstad ble nummer 10 av 19.
Resultatlista frå i dag:
http://www.lygna-skisenter.no/km2007/

Skitrening måndag 29.01.07
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
18.00 - 19.15: Skøytetrening i Lysløypa. Styrketrening i Bygdahuset etterpå.
Ekstra god grunn til å møte opp, da det blir feiring av vår medaljevinnar
frå helgas KM.....
27.01.2007
|
 |
|
Ola Esten Røssum viser stolt fram
sin bronsemedalje. |
Kvam IL gratulerer Ola Esten Røssum med bronsemedalje under dagens
klassiske sprint i klasse 14 år under første dagen av KM på Lygna!
Ola Esten vant både første og andre heat, mens han ble nummer to i det
tredje heatet. Det holdt til finaleplass der det stilte hele 22 løpere til
start. I finala kjempet han lenge om sølvmedaljen, men måtte se seg slått av
Håvard Solås Taugbøl fra Lillehammer.
Mari Vassdokken Sigstad gjorde også sine saker svært bra. Ho kom på
andreplass i to av sine heat, mens hun ble nummer fire i det tredje. Mari
sine gode løp holdt til en sterk 8. plass 13-årsklassen.
Resultatlista frå i dag:
http://www.lygna-skisenter.no/km2007/
I morgen har vi tre løpere i aksjon under andre dag av KM. Da er det
skøyting med Ola og Halvor Røssum i gutteklassene og Mari blant jentene.

Mange av våre andre skiløpere gikk sesongens første karusellrenn på
Kvamsfjellet. 43 deltakere stilte til start. Se deltagerliste og resultat
her »
22.01.2007
Skigruppa har lagt ut aktivitetsplan for vinteren 2007.
Les meir her
»
 |
|
Stolt vinnar av 14 årsklassen |
21.01.2007
1. plass til Ola i Folleburennet i år – som i fjor!
Kvam stilte med 5 løparar i dagens Folleburenn, i år som i fjor tok
Ola Esten Røssum
1. plassen i G14, med tida 11.28 på 3 km. Gratulerer!
I klasse G10 gjekk Hans Kristian Rudland eit godt klassisk renn og kom i
mål på tida 3.54 på 1 km.
Halvor Røssum gjekk 2 km i G12 på sterke 9.51 og dermed 6. plass av 19
startande i denne klassa.
I G13 gjekk Lars Eivind Jensvoll eit godt løp på 13.56 på sine 3 km.
Dagens einaste jente frå Kvam var Mari V. Sigstad i J13, ho fekk tida
14.06 på
3 km.
Sjølv om plasseringane til Lars Eivind og Mari var på nedre del av
resultatlista, er det gledeleg at avstanden framover blir stadig mindre.
Dette lovar god for resten av sesongen både for dei to og resten av
Kvamsløparane.
Neste helg er det KM på Lygna på Laurdag og søndag – der stiller Mari,
Halvor og Ola.
Vi ynskjer dei lykke til med eitt av sesongen store høgdepunkt.
Sjå fullstendig resultatliste
her >>

Skitrening måndag 22.01.07.
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
18.00 - 19.15: Skøytetrening i Lysløypa. Styrketrening i Bygdahuset
etterpå.

Karusellrenn
Årets første karusellrenn blir ved Rondablikk Fjellsenter
lørdag 27.januar, start kl. 13.00.
Påmelding i god tid før rennstart.
Vel møtt!
20.01.2007
Folleburennet
Startliste til Folleburennet søndag 21.januar

Premiering Tormodsprinten
Løpere i klassene 13 og 14 år som ikke fikk premie etter Tormodsprinten,
får sin premie i forbindelse med GD-cup på Sel 4. februar.
Ifølge Oppland skikrets er det en kommunikasjonsfeil mellom kretsen og
arrangørklubben som ligger til grunn for at bare halvparten av deltakerne
ble premiert etter Tormodsprinten.
Kvam Il sendte etter rennet brev til Tormod Skilag der vi stilte spørsmål
ved premieringen i klasse 13 år og oppover.
Særlig var vi skuffet over at ikke navnene og tiden til alle løperne ble
ropt opp under premieutdelingen, uten at dette var kunngjort på forhånd.
Dette vil altså bli rettet opp, og Pernille og Lars Eivind vil få sine
velfortjente premier.
Klikk på linken og les kretsen redegjørelsen:
http://skiforbundet.no/oppland/t1_gren.asp?p=61849&sb=130
17.01.2007
Skisesongen -07
Kvar helg er det 6-8 løparar frå Kvam som deltek på "kretsrenn".
Dette er ein fin gjeng med gode skiløparar, som har det triveleg og morosamt
saman.
Vi oppfordrar fleire til å bli med Spesielt STEIL-sprinten er eit renn det
er fint å debutere utanbygds.
Her er det ei oversikt over aktuelle renn:
|
Dato |
Arrangør |
Arr. namn |
Klasse |
Stilart |
Påmeldingsfrist |
| Søn. 21.01. |
Follebu Skiklubb |
Folleburennet |
8 år – S |
Klassisk |
17.01.07 |
| Søn. 04.02. |
Sel IL |
Selsrennet
GD |
8 år – 20 |
Fri |
31.01.07 |
| Lør. 10.02. |
Øyer-Tretten IF |
Nermosprinten GD |
8 år – S |
Sprint Fri |
06.02.07 |
| Søn. 11.02. |
Heidal IL |
Heidalsrennet |
8 år – 19 |
Sprint Fri |
04.02.07 |
| Lør. 17.02. |
STEIL |
STEILsprinten |
8 år – 20 |
Klassisk |
13.02.07 |
| Lør. 24.02. |
Søre Ål IL |
Lillehammerlekene GD |
8 år – S |
Klassisk |
22.02.07 |
| Lør. 10.03. |
Vågå IL |
Vågårennet GD |
8 år – 20 |
Fri |
07.03.07 |
| Søn. 18.03 |
Ringebu-Fåvang
|
Trabelirennet GD
|
8 år – J |
Fri/fellestart |
14.03.07 |
| Søn. 25.03. |
Vestringen IL |
Astridbekkstafetten |
Stafett |
Klassisk |
21.03.07 |
Påmelding alle renn innan fristen til:
Torunn Sigstad:
torusig@online.no
tlf. 99 64 26 54
Karusellrenn vinteren -07
Vi venter på noko meir snø i lysløypa før karusellrenn kan arrangerast.
Pr. i dag er fyrste rennet planlagt på fjellet 27.01.07. Det vil bli sendt
ut meir informasjon på skolen og i barnehagen, men inntil vidare følg med på
kvamil.no.
Hugs vår fine "Smørebu" i Klubbhuset
Skigruppa har "smørebu" i gjeste garderoben på klubbhuset.
I smørebua står det smørebokk og smørejern, i tillegg et lite utval av
glider og festevoks.
Alle som vil nytte seg av dette kan låne nøkkel på Kiwi Kvam og levere
attende etterpå.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Torunn.
13.01.2007
Skitrening måndag 15.01.07 og kvar måndag framover ( inntil evt. andre
beskjedar kjem.
Yngste gruppa:
Kl. 18.00 - 19.00: Ski i lysløypa - oppmøte ved klubbhuset.
Eldste gruppa:
18.00 - 19.00: Ski på fjellet. Alle skal vere ved Bjørgebu slik at treninga
kan starte kl. 18.00. NB! Klassisktrening
19.30: Styrketrening i Bygdahuset.
Dersom nokon har behov for skyss på fjellet, ta kontakt med Olav, tlf. 48 00
34 13 eller Torunn, tlf. 99 64 26 54, i god tid. Avreise ca. 17.30 frå
Bygdahuset.

Kvam har 10 påmeldte til Tormodsprinten søndag 14.januar.
Klasse G8: Endre Sanden
J10: Martine Rudi Teige
G10: Espen Sanden, Torstein Hagen og Hans Kristian Rudland
G12: Halvor Røssum
J13: Pernille Hagen og Mari Vassdokken Sigstad
G13: Lars Eivind Jensvoll
G14: Ola Esten Røssum
Lykke til!
Sjå startlista her:
http://www.tormodskilag.no/tsprint/
06.01.2007
Kvam IL skigruppa har fått invitasjon frå Tormod Skilag om å vere med på
Karusellrenn på Gålå kvar onsdag framover.
Les meir
her >>
Norges skiforbund og Telenor har i samarbeid laga til ei arrangørpakke som
består av diverse materiell for å arrangere renn.
Tormod skilag har fått tildelt " ei slik pakke". Bl.a er det diplom og
premier til alle opp t.o.m 12 år.
Det høyrer med nye fine startnummer ( vester).
Karusellrennet blir arrangert akkurat som før, men det heiter i tillegg
Telenorkarusellen.
Vel møtt til alle, store og små.
NB! Karusellrennet er for alle.
Telenorkarusellen er for dei frå og med 6 år til og med 12 år.
Ta med kakao/kaffe/saft og niste, så er det mulighet for å komme inn for å
varme seg og ete/drikke.
Fram til det eventuelt blir snø i lysløypa i Kvam, er dette eit kjempefint
tilbod for alle.
Kvam IL skigruppa oppmodar alle til å ta turen til Gålå.
Følg med på kvamil.no eller
tormodskilag.no for
meir informasjon.
Sjå og
http://www.barnas.skiklubb.no/karusellen/
|