20.12.2005
KRETS-RENN I LANGRENN
Nå er snøen kome, og ski-sesongen er i gang for fullt.
Det blir arrangert kretsrenn i langrenn for dei som er 8 år og eldre.
Alle som ønskjer å vera med på kretsrenn i vinter er velkomne til det.
Det er morosamt å vera med på desse renna, så vi oppmodar alle som har lyst
til å vera med om å melde seg på.
Det er viktig at alle som skal gå renn har med seg ein vaksen person til
å hjelpe seg.
Vi vil legge opp til felles avreiser, og samordne køyringa så langt det let
seg gjera.
Dei tre fyrste renna er desse:
28.
desember, på Heidalsskogen, fristil, frist for påmelding:
21. desember
8. januar, på Rindvang i Heidal, klassisk, frist for påmelding:
2. januar
14. januar på Vinstra, (Tormod skilag), klassisk, frist for påmelding: 10.
januar.
Det blir også arrangert fleire renn i vinter. Desse vil vi koma attende
med meir informasjon om.
GD-cup:
Dei som er eldre enn 10 år kan også vera med i GD-cupen. I denne blir
det arrangert 6 renn, der rennet på Heidalsskogen er det fyrste. Rennet på
Vinstra er også med i GD-cupen.
Skigruppa vil til alle renna levere samla påmelding frå Kvam idrettslag, og
dei som vil vera med på renn må difor, innan fristen for påmelding, melde
seg på til:
Olav Røssum, tlf. 61 29 42 37 , mob.
48 00 34 13.
Spørsmål kan rettast til:
Olav Røssum,
eller:
Frank Jensvoll, tlf. 61 29 43 44, mob. 92 23 52 60
23.10.2005
Skitrening måndagar sesongen 2005/2006.
Les meir her >>